I sommar har landbruket igjen erfart korleis nokre få brotne kar kan øydeleggja for det heiderlege fleirtalet. «Løner», visstnok heilt ned i 43 kroner timen til utanlandske jordbærplukkarar, har kasta skuggar over gleda ved eit av dei mest populære symbola på norsk sommarsesong. Caritas Norge, som bistår utanlandske arbeidsinnvandrarar, kallar det «lønstjuveri». Stemmer historiene som har kome fram, er det nett det det er.

Dei polske arbeidarane som har delt erfaringane sine i Fri fagbevegelse og VG skal ha ros for motet til å stå fram, unge, uorganiserte og i framand land, som dei er. Mellom linjene i dei mange reaksjonane som har kome i ettertid forstår me at tilfella av dårlege løns- og arbeidsvilkår kan vera fleire. Me ber Arbeidstilsynet skjerpa innsatsen for å hindra at ikkje ulovlege lønsforhold festar seg som ein ukultur der maten vår vert produsert.

Parallelt med desse avsløringane har me sett oppslag om jordbærbønder på Austlandet som chartrar fly for å få inn vietnamesiske sesongarbeidarar, alt medan hundretusenar av nordmenn står utan jobb. Praksisen er ikkje optimal, ikkje for synet vårt på utanlandsk arbeidskraft, ikkje for næringa sitt omdøme, status eller inntektskrav. Men den er fullt lovleg. Dei tilreisande bærplukkarane får minstesatsen i den allmenngjorte tariffløna på 123,15 kroner timen. Arbeidsledige nordmenn? Dei har meir å henta med dagpengar frå NAV.

At debatten om lønsemda i landbruket blussar opp, gir von. For forklaringa bak dårlege løner ligg sjølvsagt ikkje hjå bøndene. I følgje siste offisielle driftsgransking i 2018 var bondefamiliens vederlag til arbeid og eigenkapital i gjennomsnitt 140 kroner timen. Det er ikkje særleg å bli feit, eller raus av.

Alle dei lågast betalte yrka i landet er knytt til matproduksjon. Det eine jordbruks- og lønsoppgjeret etter det andre har mislukkast i å gjera noko med det. Slik kan det ikkje halda fram. Dårleg lønsemd er eit strukturproblem – som også omfattar den politisk sanksjonerte uvilja mot å betala det maten faktisk kostar.

Alle ønskjer me å sysselsetja dei mange som i dag står utan jobb. Og me vil ha fleire hender i jordbruket. Landbruk over heile landet. Meir norsk fôr. Auka rekruttering til fjøs og veksthus. Styrka beredskap. 123,15 kr timen er ikkje nok til å nå desse måla.

Marsjordren er klar nok. I vår bad Stortinget regjeringa og partane i arbeidslivet om å syta for nok arbeidskraft slik at landbruket kunne sikra matforsyning og beredskap. Føresetnaden var at denne arbeidskrafta vart sikra ordna løns -og arbeidsforhold. Særleg Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Fellesforbundet har vore klare i sine krav om betre lønsemd i næringa.

No ser me i møte meir trykk også frå bøndene sine eigne organisasjonar.

Bothild Å. Nordsletten