Trass historisk store tal står ikkje jubelen i taket etter at staten og bøndene vart samde om jordbruksavtala sist veke. Noko anna var ikkje å venta all den tid bøndene kravde 100 000 kroner for å tetta inntektsgapet, men enda opp med 40 000. Avmålt og avventande er kanskje orda som best oppsummerer mottakinga. Mange kjenner også på letnad over at det i det heile vart ei avtale.

Kor står me no? Dei fleste produksjonar tar eit steg i retning av å tetta gapet mot andre grupper. Det er bra, og kanskje får bondelagsleiar Bjørn Gimming rett i påstanden om at avtala er eit første steg i ein snuoperasjon for næringa. Samstundes er det ennå langt fram til jamstilling. Regjeringa seier dei forstår alvoret. Det er ei viktig erkjenning, men situasjonen for ein del bønder blir verande like alvorleg etter oppgjeret, som før. September, då kostnadskompensasjonen skal utbetalast, kan nok verka ulideleg lenge til for dei med ubetalte rekningar.

Vidare, med nedskriving av importert kraftfôrråvare er regjeringa sitt mål om å auka sjølvbergingsgraden til 50 prosent, i det blå. Likeså er det usikkert om avtala gir den framtidstrua som gjer at fleire vil bli bønder. Retningsendringa mange etterlyser for jordbruket er førebels plassert i ei arbeidsgruppe som skal utgreia innrettinga av struktur og differensiering av verkemidlar. Dette arbeidet blir det viktig å følgja med på. Saman med Grytten-utvalet sine konklusjonar om inntektsutrekning utgjer det viktige utgangspunkt for å kunne peila ut kursen vidare.

Etter regjeringsskiftet var forventingane skyhøge til årets oppgjer. Om den føreliggande avtala innfrir, kjem an på auga som ser. Sikkert er det iallfall at forventingane vil halda seg høge. Kostnadsutviklinga, samt regjeringa sitt løfte om ei tidfesta tetting av inntektsgapet, vil syta for framleis trykk i komande oppgjer.

Målet må vera at dei raudgrøne evnar å betra jordbrukspolitikken så grundig at ei eventuell påfølgjande blå regjering ikkje vågar den politiske kostnaden ved å reversera den att. Det er lov å håpa.

Bothild Å. Nordsletten