Lovande avtale

31. mai 2024 | Leiarar

Bv1024

Bothild Å. Nordsletten

Den politiske jordbruksvåren har vore turbulent, tempoet høgt og temperaturen tilsvarande. Innimellom ny stortingsmelding, vedtak om auka sjølvberging og nytt talgrunnlag har engasjementet i næringa spent frå kraftsalver til tårer.

Derfor er det i seg sjølv lovande at partane la fram årets jordbruksavtale i ro, uttalt gjensidig respekt og semje om felles retning framover.

Avtala inneber rett nok ikkje den heilt nye jordbrukspolitikken mange meiner er naudsynt. Dei dryge tre milliardane kronene på bordet kjem ikkje til å snu næringa frå mannefall til kø framfor jordbruksskulane og styrka matproduksjon. All den tid mange bønder og fleire politiske parti ikkje kjenner seg att i talgrunnlaget det vart forhandla på, vil og bør også debatten om korleis ein måler bondeinntekt halda fram. Ei heller er dette ei avtale som rustar nasjonen for konsekvensane av den spinnville temperaturauken i hava og over landjorda.

Men me lever i røynda; kompleks, tungfør og nokså visjonslaus. Dette var kanskje det beste me kunne håpa på, for nå.

Og til ei viss grad reflekterer då også avtala alvoret i tida. Landbruks- og matminister Geir Pollestad, bondelagsleiar Bjørn Gimming og småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg, er samde om at jordbruket krev noko anna enn det som har vore.

Og dette ‘anna’ er det glimt av i årets avtale. Her er masse politikk. Tak på husdyrtilskot, endringar i teljedatosystemet, produksjonsregulering og teigbaserte tilskot. Det skal bli meir norske fôrråvarer. 90 prosent norskdel på matkveite om få år – noko som i seg sjølv krev heilt ny politikk, då gras har vunne på korn i seinare tid. Det skal satsast på drenering og beiting. Eit nytt pristilskot på mjølk og auke i mjølkeprisen slår inn alt frå 1.juli av.

Gitt bakteppet fortener Pollestad ein blome i dresskragen for berre å ha landa oppgjeret, så langt. Så vil dei neste par åra visa om han med dei 60 000 (normerte) kronene per årsverk greier å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre inntektsgrupper innan 2027, slik lova. For utan jamstilling kan me sjå langt etter måla om jordbruk i heile landet, rekruttering og auka sjølvforsyning.

I år var partane tydelegare enn før på det alle bønder veit: At jordbruksoppgjeret er viktig ikkje berre for bøndene, men for kvar og ein av oss. Snart skal avtala handsamast av Stortinget, som ikkje har for tradisjon å endra på den. Med bodskapen frå partane in mente er det likefullt opp til våre folkevalde å avgjera om årets jordbruksavtale er så bra som det kan bli, eller om alvoret i tida fordrar at dei endrar den til det ennå djervare.