I det nervøse påvente av ny og strengare gjødselvareforskrift fekk jærbøndene ei gledeleg overrasking i starten av juni. Tine, Nortura og Felleskjøpet Rogaland Agder lanserte eit kinderegg av løysingar for både gjødselproblematikk og klimautslepp. Saman med dei store energi- og gjenvinningsselskapa IVAR, Lyse og franskeigde Air Liquide Skagerak ønskjer samvirka å bygga eit svært biogass- og biogjødselanlegg på Grødaland i Hå kommune. Pengane, opp til ein halv milliard, legg dei i det nystifta selskapet Bio Jæren AS. Det er berre å merka seg namnet.

Årleg produserer storfe og svin i Time, Klepp og Hå om lag 690 000 tonn blautgjødsel. Med kapasitet for 650 000 tonn husdyrgjødsel samt ymse biologisk avfall, vil eit anlegg på Grødaland langt på veg kunne løysa utfordringane med spreieareal i dei husdyrtette kommunane. Ikkje mindre. Det løfter i så fall ei tung bør frå akslene til bonden og fjernar ei hindring for auka matproduksjon. I tillegg vil anlegget kunne redusera utsleppa av metan, lystgass og CO2 frå gjødselhandteringa på garden – og erstatta mineralgjødsel med næringsrik biogjødsel frå biogassproduksjonen.

Det ambisiøse målet er at det meste av husdyrgjødsla på Jæren blir til 130-140 GWh biogass årleg – tilsvarande 14 millionar liter diesel i året. Saman med effekten av å byta ut mineralgjødsla med biogjødsel, kan klimavinsten koma på 65 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det tilsvarer utslepp frå 50 000 bilar årleg. Til Nationen hevdar berekraftssjef i Tine, Bjørn Malm, at kuttet kan svara opp til 15 prosent av alle utsleppa frå landbruket i Rogaland. Det vil såleis òg utgjera eit solid bidrag til norsk landbruks forplikting om å kutta fem millionar tonn innan 2030.

Her er ennå ein del atterhald. Ikkje minst avheng lønsemda og bygging av investeringsstøtte frå Enova. Ettersom Air Liquide Skagerak eig 51 prosent av selskapet, blir det også viktig å sikra solid forankring til lokale landbruksinteresser. I tillegg må bøndene som forpliktar seg til å delta, få gode avtalar som sikrar dei sin del av verdiskapinga, også når energiprisane varierer.

Men det er mange grunnar til å heia på giga-prosjektet i Hå. Det er bra at samvirka har funne saman. Det er bra at ein i tillegg til biogass også vektlegg den verdifulle biogjødsla. At sirkulærøkonomien og berekraftsrekneskapen til matproduksjonen i Rogaland kan styrkast, slik aktørane hevdar, er også av det gode. Og, ikkje minst – det er flott at nokon verkeleg satsar.

Bothild Å. Nordsletten