I vekas utgåve av Bondevennen kan reportasjen med veteranane Bjørn Friestad og Ragnvald Gramstad, saman med artiklane frå Norsk landbruksrådgiving, vera ein liten aperitiff før våronna, som er over oss før me veit ordet av det – ein gong rett over påske.

Hjå dei fleste bøndene her i Sør-Vest er det grasdyrking som gjeld. Då er spørsmålet om fornying av eng ei evig aktuell problemstilling. Her varierer jordtypane og praksisen frå gard til gard. Det er alt anna enn fornuftig å hevda at myrlendt jord skal fornyast like ofte som godt drenert og beresterk morenejord. Mange har gjort seg opp sine eigne erfaringar – og dei er oftast både vel funderte og kloke. Gjer det som er rett for deg, men ver medviten på kva du har å henta ved å eventuelt endra praksis, kan vera eit greitt råd å ha med seg.

Dei største avlingane og den beste fôrkvaliteten får du på nyare eng med eit tett plantedekke og null ugras. Tar du runden ut nå, før graset kjem skikkeleg i gang med veksten, er det lett å få auge på dei snaue flekkene om du har radaren på. Vurderer du fornying, vil det truleg vera det smartaste trekket. Alternativet er ikkje så aller verst det heller: La enga få eit siste år. Så i raigras, eitt- eller toårig – eller begge delar, så tidleg som råd, helst i går, medan jorda er fuktig og frøet blir skikkeleg jorda. Då kan du få eit glimrande tilslag frå andre slåtten og utover. I tillegg får du eit suverent haustbeite til sauer og lam når så langt lid.

Gjødselplanen er ikkje berre til for å stetta styresmaktene sine krav. Den er gull verdt i ei tid der sjølv ei gjødselperle for mykje, er pengar ut vindauga. Om du ikkje kjøpte gjødsla i februar, då ho var på det billegaste dette halvåret, er det ut frå det Bondevennen erfarer ingen grunn til å venta lenger. Den N og NPK-gjødsla du treng til våren og til gjødsling etter tidleg første slått, er det berre å få heim.

Gull verdt er også husdyrgjødsla. Å utnytta denne optimalt har blitt sjølvsagt for dei fleste. Vassblanda husdyrgjødsel med slangespreiar, eller alminneleg blautgjødsel spreidd med vogn under gunstige forhold slik at gjødsla raskt finn vegen til røtene, gjer at det i dei fleste tilfelle er nok å berre tilføra nitrogengjødsel, eventuelt med svovel i tillegg. «Gunstig for både miljøet og bankkontoen», som Ragnvald Gramstad seier i gardsreportasjen.

Då står det att å ønskja alle ei trygg og god våronn med vêr i overflod. Ta gjerne med deg rådet frå Bjørn Friestad i vekas reportasje: «Diskuter med andre. Då kan du oppleve det same som meg; at eigen praksis ikkje alltid er det rette. Det er mange smarte bønder der ute. Lytt og lær!»

Sjur Håland