Er samvirka i ferd med å gløyma kven dei er til for? Har dei blitt så store og komplekse at grunntanken og grasrota kjem ut av fokus?

Det er ikkje mindre enn ei kraftsalve mot utviklinga i samvirka som Ola-Jørn Tilrem, bonde i Brønnøy, kjem med i Moldrok-spalta vår denne veka. Den tidlegare samvirke-tillitsvalde hevdar, med særleg adresse til Nortura, at bonden har mista makta og styringa i samvirket, og at samvirket sjølv har overtatt alle taumane. Tilrem oppmodar bøndene til å vakna og ta grep.

Intern kritikk i samvirka er ikkje noko nytt, men fleire utviklingstrekk og hendingar dei siste åra og vekene tykkjest å ha auka frustrasjonsnivået hjå mange bønder, Tilrem inkludert.

Kontroversane kring innføring av konsernmodellen kjenner me. Tine si avgjerd om å selja mjølkefrie produkt, og å etablera verksemd i Irland, likeså. I desse dagar er det Nortura som er i hardt vêr, grunna sal av sau til pelsdyrfôr, og import, via eit dotterselskap, av svinekjøt, midt i ein alvorleg overskotssituasjon.

Ikkje alle bønder ser korleis desse grepa gagnar dei som samvirkeeigarar.

Landbrukssamvirka er mektige, økonomiske aktørar, med ei mengd ulike omsyn og interesser å ivareta. I marknaden balar dei med endå mektigare krefter: daglegvarekjedene, og føringane i handelsavtalane Noreg er part i.

Det skal noko til å forstå kompleksiteten i dette spelet. Og det krev mot for å tora å stilla spørsmål ved, eller å kritisera, viktige avgjerder i organisasjonane.

Konsernleiinga kan nok argumentera for kvifor dei lukkar anlegg, sentraliserer, dannar aksjeselskap og satsar internasjonalt. Å auke bøndene si kjensle av avmakt og framandgjering i eigen organisasjon er neppe del av planen, men det verkar like fullt å ha blitt ein konsekvens av stordrifta.

Tilrem hevdar at samvirka no er prega av at medlemmene har mindre dei skulle ha sagt. Dei som stiller ubehagelege spørsmål blir utfrosne. Medgjerlege tillitspersonar blir framelska. Skinndemokratiske prosessar gir inntrykk av medlemsdemokrati, slik Tilrem ser det. På toppen finn han eit stadig sterkare direktørvelde – og i andre enden, alt for konforme og lojale bønder.

Di fleire samvirkebønder som kjenner seg att i Tilrem si framstilling, di større er grunnen til å ta oppmodinga hans om å snu utviklinga, på alvor.

For det var iallfall ikkje dette samvirke var meint å vera.

Bothild Å. Nordsletten