Det blir ikkje fred på jord i 2024, ei heller mindre klimagassar i atmosfæren. Verda er ein nokså mørk og herja plass ved inngangen til det nye året. Maktesløysa og håpet slit i kvarandre. Samfunna våre virkar litt utmatta. Det går så fort. Det har gått fort så lenge.

Om samtida gjer oss mentalt andpustne, kor hentar med då energien ifrå til å skapa framtida?

Skal håpet om betre år vinna – og det må det – så må håpet ut av hjarta, og inn i arbeid. Gjerne rett framfor oss, med våre eigne hovud og hender, der det har størst effekt. Kvar einskild av oss kan ikkje aleine slå Russland i Ukraina, skapa fred i Midt-Austen eller reinske hava for plast. Men 37 000 norske bønder, og dei som vil dei vel, burde kunne gjera noko med eigne rammevilkår:

  • Ein konkret opptrappingsplan basert på rett talgrunnlag for å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper.
  • Ein konkret og motiverande plan for auka sjølvforsyning.
  • Ei ny og skjerpa gjødselforskrift som jærbonden kan leva med.

Dette burde det vera mogleg å få til i 2024. Ressursane finst. Nå trengst vilje og evne til å prioritera. Naivt? Ok. Men viss ikkje vi fiksar dette nå, kven skal fiksa det då?

 Til sist ei oppmoding: Ein kjem ikkje langt med silkehanskar i landbruksdebatten. Det er heldigvis ikkje her folk blir krenka lettast, heller. Det skal dessutan vera takhøgd for fintar og farge i ordskiftet. Utan dei er me knapt for vestlendingar å rekna.

Men jo meir som står på spel for næringa, di tydelegare er tendensen til at debatten hardnar til. Somme orkar ikkje meir, melder seg av – og samtalen blir fattigare.

Vegen mot felles mål blir kanskje lettare om ein temjar viljen til å misforstå, droppar stråmennene, stiller oppklarande spørsmål, høyrer betre etter og snakkar med kvarande. Gylla skal på jordet. Ikkje over bordet.

Me ønskjer oss eit betre, nytt år!

Bothild Å. Nordsletten