Landbruket i Jær-regionen har nå ein eineståande moglegheit til å skipa sitt eige spydspissa kompetansesenter i smørauga på Jæren. Det må skje fort, og det må skje på initiativ frå Øksnevad videregående skole, som ligg sentralt plassert midt i det bognande matfatet.

Eit state of the art-kompetansenav med det siste nye innan teknologi, grønt skifte-agronomi og husdyrhald, burde regionen ha hatt tilgjengeleg for både agronomelevar, det landbruksrelaterte næringslivet og framoverlente bønder for lenge sidan. Mange var dei som i si tid drøymde om at NIBIO sin forskingsstasjon eit par kilometer unna, på Særheim, skulle bli nettopp staden der alt låg på ei tilrettelagd tomt. I staden ser me at fleire aktørar har takka for seg og er spreidde for alle vindar. Særheim er ikkje lenger eit alternativ. Øksnevad vgs. er.

Som du kan lese om ein annan stad i bladet, vart det førre veke lansert ein offentleg rapport frå det såkalla Øksnevadrådet i tråd med ei bestilling frå Rogaland Fylkeskommune. Essensen frå rådet er ein visjon som seier at Øksnevad videregående skole skal vera «Landets mest jordnære og matnyttige arena for læring, mestring og utvikling.»

Korleis få til det då, når utgangspunktet er alt anna enn noko å skryta av. Rapporten fortel det mange har visst frå før. At det er nok å ta tak i. Skulen har innan landbruksog naturbruksfag eit svakt omdømme og er lite populær hjå målgruppene. Utstyret og teknologien som blir brukt er umoderne. Fjøset frå først på 2000-talet har mjølkegrav. Rådet slår fast at studietilbodet ikkje opplevast relevant for moderande gardsdrift, noko også elevar tidlegare har gitt uttrykk for i Bondevennen.

 Me ventar at rapporten ikkje blir liggande i eit arkiv, men at den blir brukt for det den er verdt. Oppsida gjennom engasjement frå landbruket sine organisasjonar, næringslivet, som Tine, Q, Nortura, Fatland, Felleskjøpet, Kverneland, NLR og alle dei andre, er det berre fantasien som set grenser for.

Det er ikkje opp til verken landbruksorganisasjonane eller næringslivet i regionen å syta for at ein offentleg skule har eit godt undervisningstilbod eller ikkje. Men eit samarbeid mellom Øksnevad vgs. og dei nemnde aktørane vil kunna gi eit naudsynt taktskifte for skulen, elevane og den naudsynte rekrutteringa av relevant og topp motivert fagpersonell i landbruket elles.

Gilde rapportar er kjekt å ha. Dei er også lette å leggja vekk for nedstøving og gløymsle. Dersom dette ikkje skal skje også med denne rapporten, må einkvan dra prosessen vidare og smi medan trykksverta i den kulørte rapporten enda ikkje har tørka.

Alle kan tenkja at sidan dette er ei vinn vinn-sak, vil einkvan ta eit initiativ før eller seinare. Det kjem neppe til å skje. Oppskrifta ligg på bordet. Fylkestinget løyver midlane, men det er Øksnevad videregående skole som har ballen og som nå må setja den i spel.

Sjur Håland