Bv03_leiar.jpg

Mange av Bondevennen sine lesarar såg truleg den amerikanske dokumentarfilmen Matindustriens hemmeligheter, som blei synt på NRK andre nyttårsdag. Filmen gir eit trist bilete av korleis situasjonen for bonden, husdyra, matindustrien og matkvaliteten har utvikla seg i USA.

På vegen til økonomisk profitt for dei store matkonserna og fleirnasjonale selskapa ser vi ei kynisk utnytting av bønder, landarbeidarar og dei som arbeider i matindustrien. Om filmen er representativ for den faktiske situasjonen, er dyrevelferd og omsynet til menneske og natur nærast fråverande.

Ut av den tilsynelatande supereffektive matproduksjonen kjem billeg, men usunn fabrikkmat som den vanlege forbrukaren blir eit offer for, og som er medverkande til utvikling av såkalla livsstilsjukdomar. Filmen syner ein rå maktkamp om matmakta, for å maksimera profitten til nokre få aktørar. Godt betalte advokatar, lobbyistar og einsidig reklame, samt marknadens frie spel, ser så langt ut til å parkere ei politisk styrt endring av denne dyre-, miljø- og menneskefiendtlege utviklinga i USA sin matproduksjon, skal vi tru filmen.

Filmen, Matindustriens hemmeligheter, burde vera obligatorisk for den politiske makta i samfunnet og er eit nyttig korrektiv og bakteppe i tenkinga om framtidig norsk landbrukspolitikk, matindustri og kjedemakt.

Vi trur det er viktig at dei som skal utvikla morgondagens landbrukspolitikk har merksemd på å analysera og tolka dei økonomiske maktstrukturane i landbruket si verdikjede. Dei politiske målsettingane for norsk landbruk må forankrast i den økonomiske verkelegheita om dei skal ha noko verdi.

Matkjedeutvalet sin rapport frå 2011 konkluderer mellom anna med at “Paraplykjedenes (dei fire store matkjedene) makt ligger i kontroll over markedsadgangen og evne til å sikre ønsket utfall over forhandlingsresultatene (med næringsmiddelindustrien) både når det gjelder kortsiktige økonomiske mål, og mer langsiktige og strategiske mål”. I følgje utvalets sekretær, Per Christian Rålm, er det sett ned eit daglegvarelovutval, som skal vurdera forslaget frå matvarekjedeutvalet, om ei eiga lov om god handelskikk. Daglegvarelovutvalet skal gi innstilling til Stortinget allereie før sommaren. Dette er ein prosess landbruket bør vera tett på.

Den sterke matkjedemakta i Norge, kan i følgje utgreiingsdirektør Per Christian Rålm i NILF, utvikla seg til å utfordra fleire av måla i landbrukspolitikken, slik vi kjenner den i dag. Dette kan skje ved det vi kallar vertikal integrasjon, dvs at matvarekjedene gjennom eigarskap eller tett samarbeid sikrar seg kontrollen over matindustrien og kanskje også råstoffleverandørane (bøndene).
Samstundes peikar Rålm på at på funna i den ferske rapporten frå NILF, om Daglegvarehandel og mat 2013, vitnar om ein velfungerande daglegvarehandel. – Primærproduksjon, matvareindustri og daglegvarehandel er i eit skjebnefellesskap, uttrykker Rålm.

I dette terrenget må samvirke finna si løype og rolle. Filmen frå USA er eit sterkt varsku om at eit sterkt bondeeigd samvirke er avgjerande for at bonden si makt ikkje blir redusert til å vera ein rein vareleverandør.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no