image description

– Bama elskar norske poteter, proklamerte Bama, i ein breitt opplagd haldningskampanje i avisene sist helg. Annonseteksten peikar på dei unike, indre eigenskapane til kjende norskproduserte potetsortar som Keers pink, Pimpernell, Mandel og Ringerikepotet. Vi reknar med at bakgrunnen for kampanjen er at Bama nyleg gjekk ut med skjerpa krav til utsjånad for norske poteter. Uttalen skapte straks ein motreaksjon hjå forbrukarane. Facebook-gruppa ”Stygge poteter – ja takk” fekk over 10.000 medlemmer på ei veke. Du tullar ikkje med norske poteter, forbrukarmakta har talt. Ser vi ein ny trend, at forbrukarane ynskjer ”heil ved” framfor ytre glans?

Lokalmat, er temaet som Bondevennen tek opp denne veka. Vi inviterer lesarane med på ei reise til lokalmatprodusentar på Sør- og Vestlandet. Produsentar som let seg inspirere av ein spanande forbrukartrend, der folk er opptekne av variasjon, lokale spesialitetar og kortreist mat. Dei viser gründerånd og har makta å utvikle idé til bedrift. Men vegen kan vera bratt. Ein lyt rekne med mykje gratisarbeid og slett ikkje alle lukkast.

– Du må leva for noko før du kan leva av noko, kommenterer rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning.
Lokalmatkonseptet er ikkje berre småskalaproduksjon på gardsnivå. Når Tinekonsernet utviklar spesialitetar som geitesmør frå Ørsta og ostevariantar med lokal forankring, handlar det om å møta den same trenden, eller marknadssegmentet, som det heiter på marknadsføringsspråket.

– Lokalmar er ein del av verneskogen for norsk landbruk, seier Reidar Almås ved Norsk senter for bygdeforskning, i ein samtale med Bondevennen. Han legg vekt på at lokalmatprodusentane er landbruket sine PR-agentar. Det er av stor verdi at dei er i direkte kontakt med forbrukarane, og skaper med det ein allianse mellom bymann og bonde. Dei gir maten eit ansikt, ved å stå personleg fram som garantistar for ekte vare.
Mat er blitt status og underhaldning. Kjøkkenet har blitt heile familien sitt domene. Far vil gjerne laga festmat, og skryta på seg at både opphav- og tillaginga av maten er unik. Inspirert av meisterkokkar i utallege TV-program, søker ein gjerne etter variasjon, det unike og det lokale. Frå utlandet, ikkje minst Italia, les vi om ein trend, frå ”fast food” til ”slow food”. Det handlar mellom anna om å ta seg tid til å laga maten frå botn av, og å ta tilbake måltidsfellesskapet.

Både Lønning og Almås peiker på lokalmatens betyding i det breie bygdeperspektivet. Almås viser til eit døme frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Her er det utvikla eit samarbeid mellom kulturliv, gardsmat og turisme. Den breie tilnærminga mobiliserer bygdefolket og politikarane. Felles mål gir grunnlag for både næringsutvikling og synleggjering av landbruket.

For mange produsentar handlar lokalmat om å ta ut mest mogeleg av verdiskapinga på garden, og å utnytte kjøpekrafta til ei gruppe som er villege til å betala ekstra for det spesielle. Ved å tenka alternativt kan ein skapa seg eit inntektsgrunnlag som småskalaprodusent.

Kjem lokalmat i konkurranse med vanleg produksjon og omsetting?
– Tvert imot, lokalmatprodusentane bygger viktige alliansar til forbrukarane, jfr. Almås. Dei store produksjonsvoluma av mat vil også i framtida gå gjennom standard produksjon og etablerte omsettingskanalar. Folk flest har tillit til ordinær norsk matproduksjon. Lokalmat er eit supplement til vanleg produksjon som representerer variasjon, nærleik og er ein viktig del av kulturarven. Vi meiner å sjå at lokalmatsatsinga er ei vinn-vinn satsing for norsk landbruk.

Eirik Stople