image description

Førebelse tal frå SSB (Statistisk sentralbyrå) kan bekrefte inntrykket mange har danna seg. Det blir stadig færre bruk, og dei som er att veks seg større. Frå 2014 til 2015 takka 2,7 prosent av mjølkeprodusentane for seg. Ser me heilt tilbake til 2010 har heile 21 prosent av mjølkebøndene kasta inn handkledet. I følgje SSB har talet på jordbruksbedrifter totalt gått ned med om lag tre prosent det siste året.

Noko av det viktigaste er jorda. I dag er arealet som er i drift på 9,84 millionar dekar. For eitt år sidan var 31.000 dekar meir i drift. Kvar jordbruksbedrift dreiv i gjennomsnitt fem dekar meir i 2015 enn i 2014. Tala fortel oss at bøndene som er att ikkje klarer skjøtte alt arealet. Noko me meiner er ei stor utfordring. Me får stadig nyheitsmeldingar om svolt og krig ute i verda. Det er avgjerande for framtida å ta vare på alle moglegheiter til norsk matproduksjon.

Me skal ikkje måle biletet heilsvart. Til dømes i saueproduksjonen har talet på sau auka med 26.700, på eitt år, til 914.800 sau. Dette viser at stimulering gjennom midlar og oppmuntrande prosjekt i sauenæringa har fungert. Mange har satsa på sau. Me håper dei vil få flotte år som produsentar av sauekjøtt, slik at den norske forbrukaren kan nyte godt av ein marknad i balanse. At Noreg ikkje lenger har underdekning når det gjeld sauekjøt er fantastisk.

Den nye landbruksministeren har nok av utfordringar føre seg. Du kan lese eit intervju med Jon Georg Dale i dette bladet.
– Vi kan ikkje underslå eit utfordrande bilde, men må samstundes få fram potensialet og entusiasmen rundt produksjon av norsk kvalitetsmat, fortel Jon Georg Dale. Han veit at landbruket treng ein aktiv rekrutteringspolitikk.

Me veit at det er høgt sannsyn for at fleire bønder tek av seg fjøslua i 2016 også. Likevel er det lov å håpe. Det er lov å sjå på positive trendar, som at forbrukarane etterspør norsk kvalitetsmat, at sauehaldet har fått ny giv, at det er rift om mjølkekvotane og ikkje minst alle dei 41.800 jordbruksbedriftene som framleis held koken. Me håper landbruksmisteren kan syte for rammer kring jordbruket som gir bøndene den tryggleiken dei treng for å vidareutvikle si bedrift og stå rusta for framtida. Ei robust landbruksbedrift produserer ikkje berre for å brødfø folket, like viktig er det at bonden kan brødfø seg og sin familie. Klarer ikkje bonden å få forteneste ut av arbeidet, er det lettare å henge lua på knaggen og takke for seg. Akkurat det kan alle forstå.

Miljøet kring bonden har mykje å seie for inspirasjonen i arbeidet. Mykje av kunnskapen i landbruket ligg nemleg mellom gardsbruka, i kontakten og erfaringsutvekslingane bønder i mellom. Dei fleste menneske er sosiale vesen. Det tradisjonelle bondeyrket har blitt meir og meir einsamt. Då er det viktig at me held på dei bøndene me har, og aller helst får fleire med på laget. Me trur det er gjennom eit aktivt landbruksmiljø given for næringa blir fødd.

Jofrid Åsland