Norsk mjølk går unna så det susar. Dei første månadane i år drakk me éin million liter meir enn på same tid i fjor og veksten i ostesalet utgjorde i følgje Nationen 13 millionar liter mjølk. Kontrasten til stoda for mindre enn eit halvt år sidan er stor. Før korona-krisa og nedstenginga av landet i mars, var praten i mjølkenæringa prega av stupande forbruk og kutt på 100 millionar liter grunna eksportforbodet. No, derimot, aukar forholdstalet for andre gong på mindre enn to månadar. Forseinkingar i oppstarten av Tine sitt Jarlsberg-anlegg i Irland speler også inn.

Ja, det går godt for norsk mat. Ferske tal frå AgriAnalyse stadfestar trenden: Medan industriproduksjonen i landet gjekk ned tre prosent frå februar til mars, vaks næringsmiddelindustrien, som einaste unnatak, med over fire prosent. Folk et meir heime. Sommarferien blir kortreist. Grensehandelen har tørka inn. Merksemda rundt alskens nye kosthaldstrendar, likeså. I ei usikker tid vel me trygge og fornuftige matvarer, mat med tradisjon og forankring, mat som nærer både kropp og sjel. Mjølka representerer alt dette.

Oppturen for norsk mat kjem parallelt med ei erkjenning av kor viktig sjølvberging er, og at den norske bonden er meir populær enn på lenge. Dette er viktige og gledelege utviklingstrekk. Kanskje utgjer dei noko av forklaringa på det faktum at mange mjølkebønder har trekt seg etter at påmeldingsfristen for kvoteutkjøpsordninga gjekk ut 31.mars. Mangelen på stabilitet, alle opp- og nedturane dei siste åra, har nok slite på mange mjølkebønder. Vonleg byrjar fleire no å fatta mot med tanke på vidare og kanskje auka produksjon på bruket.

Auken i mjølkeforbruket er ein uventa sjanse som mjølkenæringa må gripa med klokskap og strategisk skarpsinn. Korleis skal me få denne lovande utviklinga til å vara? Kva skal til for at forbrukarane vel meir av den norske varen, når samfunnet ein gong etablerer seg i ein ny post-korona-normal?

Her og no handlar det om å ha nok av vår eiga mjølk. Om at bonden må hiva seg rundt, kanskje fôre ennå betre, om mogleg utsetje slakting, vente litt med å avgjelde kua. Med andre ord: å levera så mykje sommarmjølk som råd.

På sikt gjeld det å føra ein politikk som sikrar eit aktivt og mangfaldig jordbruk over heile landet, eit jordbruk som raskt evnar å auka produksjonen når stoda plutseleg krev det.

Bothild Å. Nordsletten