image description

 

Du kan ikkje unngå dei. Overskriftene i feit drakt skrik mot deg frå avishylla. Det finst så mykje å rope varsko for. Me kan lese om farlege sjukdommar, flått, global oppvarming og no i det siste: Antibiotikaresistens med fokus på kylling.
 
Folket har fått strenge instruksar korleis dei skal handtere kyllingkjøtt frå respekterte fagfolk. Forskarar har vore bekymra, politikarar har vore opptekne av strengare krav til medisinbruk, og journalistane har bada i fyldige oppslag. Ei god sak inneheld ofte ei konflikt. At bakteriar er resistente mot antibiotika har fleire dimensjonar av konfliktar.
 
På verdsbasis døyr om lag 700.000 menneske av antibiotikaresistens årleg. Dette skal ikkje bortforklarast eller takast lett på. Marit Smistad, veterinær og helserettleiar, skriv i fagartikkelen denne veka om antibiotikaresistens. Ho skildrar resistente bakteriar som helsesektoren si klimakrise, og understrekar at alle må vere klar over kva dei kan gjere for å bremse utviklinga.
 
«Det er viktig å sjå på seg sjølv som del av eit større system når ein bruker antibiotika», poengterer Smistad. Ho opplyser at husdyrhald i mange land vert sett på som «syndarane» når det gjeld utvikling av resistente bakteriar. I mange av landa i Sør-Europa er husdyr hovudforbrukar av antibiotika. Slik er det ikkje i Noreg. 85 prosent av antibiotikabruken her til lands går til menneske. Det er også menneskets forbruk av antibiotika som aukar mest.
 
I dag reiser nordmenn over heile verda. Reisemålet kan ha større utfordingar med antibiotikaresistente bakteriar enn heimlandet, utan at reiselysta tek skade av det. Smistad stiller spørsmålet: Kanskje har våre husdyr større grunn til å frykte smitte frå oss, enn me burde frykte smitte frå dei? Kyllingkjøtt har vore mykje diskutert i media, og forbrukarane har truleg endra vanar som følgje av debatten. Konsumet at kyllingkjøtt har gått ned, og bøndene får ikkje produsere like mykje som før. Samstundes kan me lese i avisene at norsk kyllingkjøtt har mist resistente bakteriar i Europa.
– Eg tykkjer ikkje forbrukarane treng vere bekymra. Så lenge ein tek i bruk enkle hygienereglar, så går det greitt, sa forskar ved Veterinærinstituttet, Anne Margrete Urdahl, til Nationen.
Det er ikkje vanskeleg å bli forvirra, og stille seg spørsmålet: Er maten farleg eller ufarleg?
 
Me trur det er avgjerande at bøndene i Noreg klarer å halde på god dyrehelse og lite antibiotikabruk. Slik at maten held fram med å vere blant den tryggaste i Europa.
Me trur også at media må verne om sitt truverd, så folket ikkje utviklar medieresistens. Bak ei svulstig overskrift finst det ein bonde med kutt i inntekta. Bonden kjenner overskriftene på kroppen. Beste medisin mot antibiotikaresistens er kanskje ikkje å kutte kylling eller andre matvarer frå menyen, men auka smittevern både for folk og fe.

 

Jofrid Åsland