Det finst nok lettare stader å vera bonde enn i Hardanger. Gardane i dei bratte liene langs fjorden er jo sjølve definisjonen av omgrepet «tungdrivne». I diktet Se oftere mot nord skriv Rolf Jakobsen: Det er langt dette landet, det meste er nord. I Hardanger, som så mange andre plassar i kongeriket, er det meste i tillegg opp. Eller ned.

Og likevel, sjølv i dag, med eit hav av andre moglege karriereval, vel somme å trassa strukturrasjonaliseringstrollet og å drive gard nett her. Heldigvis.

Denne veka, i ein stor reportasje laga av fotograf og journalist Ingerid Jordal til oss, møter du seks av dei.

Alle har dei ulikt opphav. Ulike utgangspunkt for å vera bonde. Alle har dei si forteljing om vegen hit. Alle har dei sin eigen grunn til å bli.

Har dei felles særtrekk, vestlandsbøndene som bit seg fast i liene? Er dei tøffare enn andre bønder, dei på flatare, feitare jorde? Opp gjennom historia har mange freista å forklara dei meir eller mindre reelle skilja mellom folk i ulike landsdelar på grunnlag av naturen dei lever i. Yngve, romanfiguren i Erlend O. Nødtvedts bok «Vestlandet», set ord på det mange av oss nok anar. Merk den forsonande avsluttinga.

«For meg handler Vestlandet først og fremst om motstand, om stedets svar på naturens tiltale. Om tunge løft og bratte bakker og forferdelig vær, og omfavnelsen av alt dette.»

Som dei fleste bønder kan skriva under på så trengst korkje steile fjell eller brådjupe fjordar for å røyne motstand, kamp eller tunge tak. Plasseringa av Noreg på toppen av kloden gjer gardsdrift til ei yrkesgrein for spesielt interesserte, uansett kor i landet.

Desto viktigare då, at dei som faktisk vel bonde- og bygdelivet kjenner at dei blir sett pris på. At det å høyre til ein stad, forvalta han år etter år, det å produsere mat og opne landskap, blir anerkjend som det viktige samfunnsoppdraget det er. Viktig er det òg at nykomarar og nyskaparar får sleppa til og utfordra gamle normer.

Bøndene du møter i reportasjen representerer i så måte det mangfaldet av menneske som alltid var, er, og i endå større grad bør utgjera «norsk landbruk».

Alle har me motbakkar i vente, men som vekas reportasje vitnar om: medvinden finn fram, sjølv i bratte vestlandslier.

Bothild Å. Nordsletten