Det er eit stykke frå bondeopprøret som rasar på kontinentet til roen over stormøtet på Varhaug. Heldigvis. Felles for yrkesfellane i alle landa er likevel håpet og kravet om økonomisk tryggleik og rettferd. Om lys i den mørke tunellen som europeisk matproduksjon er pensa inn i, faktisk og mentalt.

Alvoret og uvissa i tida var ikkje tapt på nokon, den siste januarmåndagskvelden i Hå. Landbruks- og matminister Geir Pollestad viste bilete av eit militært overvakingsfly over ein oljeplattform vakta av eit ruvande krigsskip – ein refleksjon av den tryggingspolitiske røynda i verda, Europa og her heime.

Like fullt – på Jæren, og elles i Noreg, har nok mange bønder blikket festa på glimta der framme. Mot opptrappingsvedtaket som skal koma. Mot det rette talgrunnlaget som skal koma. Mot tetting av inntektsgapet som skal koma. Mot renta som skal letta, kanskje.
Dei lever i håpet. Heldigvis. Mat må me jo ha.

Noko verkeleg demring går det likevel ikkje an å augne etter dryge to år med den mest landbruksvenlege regjeringa på lenge. Blott eit fåtal av løfta deira er innfridd, og på oppløpssida, fram mot valet neste år – oppelda av litt mjølkemangel og nokre færre egg – har Høgre og Framstegspartiet kasta seg over både marknadsregulering og avtaleinstituttet, med høglytte løfte om ny, blå kurs.
Fleire åtvarar mot polarisering av debatten. Bondelagsleiar Bjørn Gimming oppmodar bøndene om å slutta rekkene og stå saman. Gjer ein ikkje det, åtvarar han, kan alt rakna, slik det har blitt.

Mykje står altså på spel. Men utover eit stadig meir kraftlaust «Landbruk i heile landet», kva er planen?

Landbruket skal klimakutta fem millionar CO2-ekvivalentar innan 2030 – dét har me tal og ein plan for. Lausdriftskravet skal innfriast i 2034. Året etter skal omsettinga av lokalmatproduksjonen runda 25 milliardar kroner, opp frå dagens 12. Sjølvforsyninga skal opp til 50 prosent – ein gong.

Men kven skal gjera alt dette? Kor få/ mange og kva type bønder skal produsera kva og kor mykje under kva rammevilkår dei neste ti, 50, 100 åra? Korleis ser det ut der framme, i bygd og by og butikkhyller?

Landbrukstravaren Ola Hedstein i Rethink Food hadde rett, frå scena sør på Jæren: Sjeldan har tida vore så moden for ei ny norsk offentleg utgreiing om kva me vil med jordbruket og matproduksjonen.

Til grunn for ein djerv og klok nok plan til å motivera dagens og morgondagens bønder, trengst ein kunnskapsbasert, mangfaldig og inkluderande debatt om kor me vil. Fleire av dei utelukkande mannlege talarane på Varhaug tok til orde for å søkja breie forlik, av typen som har tent norsk jordbruk vel gjennom historia. Jau, forlik er politiske adelsmerke. Dei tolar tida best. Men dei føreset også at alle relevante partar får koma til orde.

Den siste tids oppmodingar frå landbruksministeren, bondelagsleiaren, styreleiaren i FKRA og andre tillitsvalde om ‘å slutta rekkene’ bør derfor tolkast raust. Ikkje som ein ordre om å ‘halda kjeft og halda saman’, men til å søkja gode løysingar i lag.

Det nærmar seg årsmøtetid. Bondevennen oppmodar samvirke, lag og organisasjonar om å sikra stor takhøgd, stilla vesentlege spørsmål, forventa skikkelege svar – og til å setja av rikeleg med tid til ordskifte.

Meiningsbryting er ikkje det same som polarisering. Meiningsbryting er ein føresetnad for utvikling. Me må ikkje gjera oss mindre, eller meir skvetne, enn det me er. Ikkje slik verda har blitt.

Bothild Å. Nordsletten