Medan vitnemåla frå bønder som stenger fjøsdøra er ei stadig påminning om den alvorlege stoda i norsk jordbruk, er det heldigvis også fleire lovande utviklingstrekk å sjå.

12. august sa staten ja til tilleggsforhandlingar med jordbruket om kompensasjon for den ekstraordinære kostnadsveksten den siste tida. Bøndene kan sjølvsagt ikkje akseptera at to tredelar av inntektsveksten som det vart lagt opp til under årets jordbruksoppgjer, blir eten opp av høgare gjødselpris. Forhandlingane er no i gang.

Dagen etter nedsette Kongen i statsråd eit utval som skal sjå nærare på utrekninga av inntektene i jordbruket. Arbeidet skal etter planen resultere i ei innstilling til ei offentleg utgreiing (NOU) innan 1. juli neste år.

Også Bondelaget har kome på offensiven med eit opprop for eit kraftig inntektsløft, og lansert «Landbruksløftet». Senterpartiet har lansert «Matløftet», med ein opptrappingsplan for jordbruket og tetting av inntektsgapet. SV vurderer situasjonen som så alvorleg at dei tar til orde for eit kriseforlik for jordbruket etter valet. Sp er ifølgje Nationen ikkje framand for tanken.

Alt dette gir grunn til optimisme. Tilleggsforhandlingar og eit nytt utrekningsgrunnlag for bondens inntekt, er grunnleggjande viktig for å bøta på den dårlege bondeøkonomien.

Men desse grepa er ikkje tilstrekkelege. For som Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse skriv i Bondevennen i juni, er me truleg på veg inn i ein periode med høgare råvareprisar. Prisane stig på det meste – inkludert på kraftfôr, byggevarer og straum. Med eit slikt framtidsbilete blir det krevjande å halde tritt om ein berre set sin lit til det årlege jordbruksoppgjeret.

Det må sterkare lut til viss me skal unngå at eit eventuelt inntektsløft blir slukt av auka kostnadar. Viss me skal trygga dagens bønder, sikra rekruttering og oppnå matproduksjon på store og mindre bruk over heile landet.

I tillegg til diverse «løft» og velmeinte planar, må maktambisiøse politikarar forplikta seg til å styrka tollvernet, flytta tilskot frå produksjon til areal, avgrensa kjedemakta, innføra produksjonsavgrensingar, og leggja til rette for lønsemd på fleire bruk i alle storleikar. Mellom anna.

Med andre ord: Det nyttar ikkje å flikka på dagens modell. Den som vil halda på og styrka norsk matproduksjon, må sikre bonden ei inntekt til å leva av, og ein kvardag som er til å leva med. Då trengst ein heilt ny jordbrukspolitikk.

Bothild Å. Nordsletten