Bv04_leiar.jpg

 

Lokallagsleiarane i Norsk Fjørfelag gjekk nyleg samrøystes inn for å auka konsesjonsgrensa for slaktekylling frå 120 000 til 140 000 dyr.

Underdekning av norsk kyllingproduksjon, med vedvarande import og utsikt til ein årleg auke i etterspørsel av kyllingkjøtt på 4 – 6 prosent, gjer at det er behov for å auka produksjonskapasiteten i slaktekyllingproduksjonen.

– Av dei om lag 750 slakte­kyllingprodusentane i Norge, har ca halvdelen høve til å auka produksjonen i eksisterande kyllinghus, fortel dagleg leiar i Fjørfelaget, Pål Grønbeck. Han peikar på at her ligg det både ein samfunnsøkonomisk vinst i å utnytta eksisterande bygningsmasse, og ein mogeleg inntektsauke for dei kyllingprodusentane som har ledig produksjonskapasitet. Grønbeck understrekar at det står ei samla fjørfenæring bak vedtaket. Han viser også til at varemottakarane ønskjer ein forsiktig konsesjonsauke velkomen. -Vi har lagt inn ein føresetnad om at øvrige konsesjonsgrenser i husdyrproduksjonane må liggja fast, utdjupar Grønbeck.

Dei vil no fremja ein søknad til Landbruksdepartementet om å auka konsesjonsgrensa til 140 000 og ventar ei avgjersle i Regjeringa i løpet av 2013.

-For oss er det ein absolutt føresetnad at ein får til å auka konsesjonsgrensa på slaktekylling utan å påverka konsesjonsgrensene i dei andre husdyrproduksjonane, uttalar styreleiarane i Rogaland Fjørfelag, Marianne Storhaug Strøm og Jarle Hole, i ein kommentar til Bondevennen. Dei er tydelege på at konsesjonsgrensene på egg og svin absolutt ikkje kan auka i ei tid med overproduksjon.- Endring i konsesjonsgrenser må sjåast i forhold til marknadssituasjonen, understrekar styreleiarane.

-I vår tilråding til auka konsesjonsgrense, har vi lagt vekt på at dette raskt kan gi auke i norskprodusert kylling, og at det både er god produsentøkonomi og samfunnsøkonomi når ein kan ta i bruk dokumentert ledig produksjonskapasitet og heller bremsar utbyggingstakta for nye kyllinghus, utdjupar dei og seier vidare: – Vi trur det er positivt at næringa sjølv viser initiativ til ei moderat konsesjonsauke i ein situasjon med mangel på slaktekylling og kor vi ser konturane til ein stabil vekst i marknaden. – Tidlegare har auke i konsesjonsgrensene for kraftfôrbaserte produksjonar kome samtidig og i altfor store sprang, noko som ofte har resultert i overproduksjon med prisfall og dårleg lønsemd for bonden, avsluttar Marianne Storhaug Strøm og Jarle Hole.

Styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, støttar Fjørfelaget sin argumentasjon for ein moderat auke av konsesjonsgrensa for slaktekylling no. Han viser til at dette er ein kontraktproduksjon, med effektive verktøy for ein eventuell marknadsregulering.

Sjølv om dette er ein relativ marginal auke og er avgrensa til bare å gjelda slaktekyllingproduksjon, meiner vi at konsekvensane må vurderast i ein landbrukspolitisk samanheng. Styrking av etablerte produsentar, kontra mulegheit for nye å koma inn i næringa, må vegast opp mot kvarandre. Med forventa auke i etterspørsel er det truleg rom for begge deler. Som kjent er det ikkje mottaksplikt i kyllingproduksjonen, nye produsentar må teikne leveringsavtale med varemottakar.

Vidare er det avgjerande at utsikt til betre lønsemd blir verande på produsentleddet. Produksjonsauke kan lett føre til ein stramare akkord for slaktekyllingproduksjonen. Resultat­et vil i så fall vera meir arbeid og uendra løn.

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no