image description

 

Landbruksminister Sylvi Listhaug har igjen vore på Rogalandsbesøk. Denne gangen for å kringkasta nyheita om muleg import av jordbærplanter. Nyordninga kan gi eit viktig løft til jordbærdyrkarane og syta for tilbod om norske jordbær til norske forbrukarar frå mai til september. Men besøket handla om meir enn søte jordbær. På agendaen til Statsråden stod også møte med utvalde representantar frå husdyrnæringa, for å vinne støtte for å hevja kvotetaket på mjølk og auke konsesjonsgrensa for slaktekylling. Endring av kvotetak, sal av mjølkekvotar over fylkesgrensene og andre justeringar av kvoteordninga blir ei sak for jordbruksoppgjeret og Stortinget. Auka konsesjonsgrense for kylling har Regjeringa fullmakt til å avgjere sjølv.
– Vi arbeider ut frå målet om å ha utkast til ei revidert forskrift klar til sommaren, fortel Listhaug, i ein kommentar til Bondevennen. Og det kan bli snakk om eit stort sprang frå dagens nivå. I møtet med Listhaug, tok Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF) til orde for ei hevjing av konsesjonsgrensa frå dagens 140.000 til 250.000 slaktekylling per år. Listhaug korkje avviste eller stadfesta ei ny konsesjonsgrense på dette nivået. Regjeringa gav alt i regjeringsplattforma signal om å auka konsesjonsgrensene. At dei nå vel slaktekylling er ikkje uventa. Slaktekylling er ein kontraktproduksjon, ute av marknadsordningane, dvs. at varemottakar ikkje har mottaksplikt utover det ein har teikna kontrakt for. Og etterspurnaden etter kylling er aukande. Norsk slaktekyllingproduksjon har ei unik dyrehelse samanlikna med andre land. Normal dødelegheit ligg på ca. 3 prosent. Næringa har kontroll på salmonella og kyllingane blir ikkje vaksinerte. Summen av dette medverkar til eit produksjonsresultat heilt i verdstoppen. Har dette noko å gjera med at vi, internasjonalt sett, har ein småskalastruktur på norsk kyllingproduksjon? Vi meiner ja. I så fall er fallhøgda stor ved å auka storleiken på besetningane. Ei dobling av konsesjonsgrensa vil truleg gi billegare kylling i butikkane. Spørsmålet blir igjen om bonden må springa raskare for same resultat. Det er også eit politisk avgjerande spørsmål om ein skal sleppa fleire til i næringa, kontra bygge ut hjå dei som har konsesjon. Vesentleg utviding av konsesjonsgrensa vil fort gi eit produksjonspress med overproduksjon og fallande økonomi til produsentane som resultat.

 

Mjølkeproduksjonen er ryggraden, både i distriktsjordbruket og i sentrale område. Vi er inne i ein periode med enorm strukturendring i mjølkeproduksjonen og nå vil Listhaug ta nye grep for ytterlegare taktomslag. Å auka mjølkekvotane utover dagens nivå vil, for dei fleste i våre område, ytterlegare lausrive produksjonen frå ressursgrunnlaget på garden. Her ser vi ein “bit-for bit politikk” som ikkje samsvarer med målsettinga om jordbruk i heile landet og auka matproduksjon på norske ressursar. Enno ein gong må vi etterlyse heilskapsvurderingar frå Statsråden.
For å styrka økonomien i mjølkeproduksjonen bør ein ha fokus på auka pris og dempa merksemda på auka kvotevolum i ein marknad, som til forskjell frå kylling, ikkje er i nemneverdig auke. Statsråden bør heller sjå på kostnaden med kvoteleige, som er ei stor økonomisk utfordring for dei som satsar på å utvikle ein moderne mjølkeproduksjon.
I vår økonomiske tenking blir strukturendring sett på som ei naturlov, men sanninga er at ho er menneskeskapt.

 

Eirik Stople