image description

Gode BV-lesar!

Årets juleutgåve av Bondevennen tar som vanleg igjen i breidde, det ho manglar i fagleg djupne. Etter trettini utgåver med fagartiklar og anna fagstoff, tillèt vi oss å sjå litt breiare på livet, og tek med oss alt frå kryssord til prestens side. Og la oss begynne med historia om sonen som kom heim på juleferie frå harde studie i Hovudstaden. Har du fine karakterar, ville faren vite. –Det viktigaste må vel vera at me har ei god helse, kom det frå sonen. Han avvæpna den kravstore faren.
 
Apropos store krav. Mange opplever eit enormt kjør for å lukkast, både ung og vaksen, i og utafor jordbruket. Har de forresten høyrt uttrykket om å vera i flyt-sona. Flytsona er eit uttrykk for tider då alt går på skinner og det meste dreg i positiv lei. Ein vedunderleg tilstand, men som garantert går over, heilt av seg sjølv.
 
Ein ting er sikkert, vi møter alle utfordringar, om enn på ulikt nivå. Har vi eit miljø for å handtera utfordringane. Er vi i ein robust eller sårbar livssituasjon? Jula er både god og vond. Det gode blir endå gildare, men sakn og det såre blir også forsterka. Måtte vi evna å dela livserfaring frå levd liv, både om det gode og det såre.
 
– Den menneskelege faktor er alltid den viktigaste årsak til utvikling, understrekar Dag Jørund Lønning, nyleg utnemnd professor i nyskaping og bygdeutvikling. – Greier eit bygdesamfunn å mobilisera menneskeleg skaparkraft, kan alt skje og framsteg er menneskets trivsel, seier Lønning.
 
Gjennom eit år produserer Bondevennen mange gardsreportasjar. Vi møter dei menneska som Lønning snakkar om. Menneske med skaparkraft og framtidstru, og som er levande døme på at den menneskelege faktor alltid er avgjerande for å lukkast. Takk til alle de som i 2013 velvillig har opna hus og løe, og delt kunnskap og erfaringar med yrkesbrør.
 
Bondevennen ønskjer å vera ein møteplass for alle med interesse for landbruk og bygdeliv. Vi ynskjer å ta dykk med på ei reise rundt om i bygdene, og spegla dei straumdrag og trendar som rører seg. På denne reisa må vi også innom politikk, fag- og organisasjonsstoff. Målet for oss her i Bondevennen er å presentere ein heilskap som kan rettleia og bidra i positiv lei når du som lesar skal leggje planar for framtida på din gard.

 

God jul!

 

Eirik Stople