Fôringsanlegget byrjar å knaka i samanføyingane. Malinga flassar av. Ventilasjonskapasiteten er for dårleg og betonggolvet ved purkekrybba kan minna om eit brusteinsgolv. Norske grisehus byrjar å trekkje på åra.

Den siste store byggeboomen i svinenæringa fann stad som følgje av lausdriftskravet og endringane i konsesjonsgrensene for rundt tjue år sidan. I følgje næringa sjølv, er det nå naudsynt med større investeringar i 70 prosent av dei norske grisehusa dei neste fem til sju åra.

At grisehusa blør, skuldast verken vrang vilje eller manglande motivasjon hjå svinebøndene. Det handlar om pengar, sjølvsagt. Kostnadane har skote i vêret medan inntektene i beste fall har stagnert. Ein til tider betydeleg overproduksjon har gitt høg omsetjingsavgift og vore til hinder for ein målprisauke som elles ville vore naturleg.

Om me grovt reknar at det finns 2.000 grisehus her i landet, vil investeringsbehovet til nybygg eller betydeleg ombygging vera gjeldande for 1.400 av desse. Det kostar flesk. Andreas Lundegård i Tveit Regnskap seier til Bondevennen at eit slaktegrisehus til full konsesjon, 2.100 slaktegris, kosta mellom tre og fire millionar kroner då konsesjonsauken vart innført i 2004. I dag vil dette huset kosta sju til åtte millionar kroner – minst. Med omtrent same dekningsbidraget som den gongen. Tygg på den.

Marknadssituasjonen har blitt monaleg letta. I fjor auka målprisen med 1,46 kroner kiloen. Den blir auka ytterlegare dette året. Som me kan lesa i denne saka, tek Norsvin Sør-Vest til orde for ei auke på 2,65 kroner. Norsvin sentralt modererer kravet til to kroner, medan Nortura held fram ei målprisauke på 1,50 kroner.

Svineprodusentane har lite på kontoen, men raust med grunnar for å gjera investeringane. Rekruttering av nye generasjonar svinebønder er avgjerande viktig dersom me skal produsera svinekjøtet her til lands i framtida. Skal rekrutten halda fram med gris ved eigarskifte, kan ikkje produksjonsanlegget vera nedslite.

Næringa blir følgt med argusauge i høve til god dyrevelferd. Tidsrette grisehus trengs også for å sanera og beskytta mot smitte og sjukdommar på beste måten. Innan 2025 må mange besetningar skalera ned produksjonen grunna utfasing av dei såkalla eingongspurkene. I tilfelle underdekning og framleis godt sal, bør me på det tidspunktet helst ha produsentar med anlegg som er rusta til å dekka inn produksjonsreduksjonen for å demma opp for auka import.

Innovasjon Norge har vore lite viljuge til å støtta prosjekt i ei næring som slit med overproduksjon. Optimistar håpar at det i lys av den nåverande marknadssituasjonen kan dukka opp øyremerkte tilskotsmidlar frå statleg hald til turvande vedlikehald og bygging. Me trur ikkje at så vil skje. Det er mange om beinet. Distriktsgrisen er for marginal. Dessverre.

Ei målprisauke på minst to kroner og framleis låg omsetjingsavgift som følgje av underdekning/marknadsbalanse vil likevel vera eit steg i rett leid for å takla investeringane som no tvingar seg fram.

Sjur Håland