I Bondevennen denne veka møter du Erik Haraldseid Bleie. Medan mjølkeforbruket stuper og bønder andre stadar sel kvota, byggjer 33-åringen frå Finnøy i Stavanger kommune nytt lausdriftsfjøs til 30 kyr. Den unge bonden skryt av eit godt produksjonsmiljø og har trua på vidare matproduksjon på lokale ressursar.

Frå fjøsvindauga til Randi Varhol i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal er utsikta ei anna. Til NRK 10.januar fortel ho om kor tøft det er å selja mjølkekvoten ho har forvalta i 35 år. Då den ekstraordinære statlege oppkjøpsrunda vart kjent, stod det klart for henne, seier ho: «No er det ikkje bruk for meg meir. Eg kjenner meg ikkje verdsett i det heile». Rundt henne vert mjølkebruk lagt ned i raskt tempo.

Både Erik og Randi kan tena som bilete på den norske mjølkesektoren anno 2020. Det spenner frå framtidstru til fortviling.

Halda fram, eller selja kvoten? Det er det vanskelege valet mange mjølkebønder står andsynes for tida. 2.januar starta den statlege oppkjøpsrunden. Staten skal kjøpa 40 av dei 100 millionane litrane mjølk som skal kuttast ettersom eksportstøtta til Jarlsberg fell vekk. Interessa for å selja er stor. 15.januar hadde 548 bønder meldt seg og, i teorien, dekt inn oppkjøpsmengda, og vel så det.

Fristen for å melda seg på oppkjøpsrunda går ikkje ut før 31.mars. Difor er det for tidleg å seia korleis det endelege «mjølkekartet» til slutt vil sjå ut. Alt no er det likevel interessant å registrera korleis dei påmelde fordelar seg på dei ulike kvoteregionane, og kor stor mengd mjølk dette utgjer sett i høve til «taket» staten og landbruket er samde om for kvar region.

I Bondevennen sitt oppland ønskjer bøndene i tidlegare Telemark, på Agder, i Vestland og Møre og Romsdal å selja langt meir enn taket for regionen. I Rogaland, derimot, der sju millionar liter skal kuttast, var det per 15.januar meldt inn interesse for sal av berre drygt fem millionar liter.

Me må ha lov til å tolka atterhaldet i Rogaland som eit uttrykk for optimisme i mjølkenæringa. Motsett er det for tidleg å tolka viljen til å selja kvotar i dei andre fylka berre som teikn på pessimisme. Me veit ikkje ennå kven som vil selja og nett kor, eller av kva grunn. Og i kvart av fylka finst det mange som satsar vidare!

Staten kjøper opp kvotar kvart år. Dramatikken i den pågåande runden skal ikkje overdrivast. Det er når ein ser mjølkenæringa over tid at dramaet blir synleg, med færre aktive bønder, mindre jord i hevd og mindre liv i bygdene – stikk i strid med politiske målsettingar.

«Mjølkekartet», når det blir klart utpå våren, vil saman med driftsgranskingar og referansebruk, gi styresmaktene eit bilete på kor dei mest sårbare mjølkemiljøa finst – og på kor innsatsen bør rettast inn. Nye oppkjøpsrundar for å «retta opp» det ein ikkje oppnådde i denne runden, er ikkje utenkjeleg. I forkant av jordbruksoppgjeret vil det også vera tid til viktige diskusjonar om korleis kvoteregionane skal oppretthaldast.

Dei som ynskjer ro i mjølkemarknaden må nok venta ei stund til.

Bothild Å. Nordsletten