image description

Fleire munnar å mette har ført til målsetjinga om at vi her i landet skal produsere meir mat enn kva vi gjer i dag. Norsk landbruk skal levere 20 prosent meir innan 2030. I dei to siste nummera i Bondevennen har vi referert frå Rogaland Landbrukspark sitt dialogmøte i Kviamarka, kor denne utfordringa vart diskutert i høve til Rogaland. Det såkalla Matfylket står grovt rekna for nær femteparten av maten som blir produsert her i landet, og vil sjølvsagt ta sin del av den komande auken.

Skal vi nå målsetjinga om meir mat og auka mat-tryggleik her på berget, må meir enn Matfylket mobiliserast til innsats. Norsk matproduksjon er avhengig av politikarar som ser behovet for å bruke heile landet. Også i åra som kjem. Det betyr også at det må, og skal vere, rom for produksjon med ulike strukturar frå Agder til Finnmark.

Vi konstaterer at den nye Landbruks- og matministeren ikkje ser ut til å vere redd for å dra med seg god fjøslukt frå gardsbruka ho besøker inn i gangane i sitt departement. Ho syner evne til å lytte, og det er bra. Så ventar vi at ho i tillegg til å få sjå store fjøs på Jæren og i Trøndelag, også får mange og lange møte med dei mange som framleis klorar seg tappert fast i fjellsidene oppover Vestlandet, med snitt-mjølkekvotar og slitt driftsbygning.

Intensiv drift, også i distrikta, var ein føresetnad som vart lagt til grunn også på dialogmøtet i Kviamarka. Dersom landbruket i tillegg får gehør for at høge kostnadar og stort investeringsbehov må stettast, bør utgangspunktet for auka matproduksjon slett ikkje vere så verst.

Men vi har fleire problem å løysa, og registrerer at sjølv bønder på Jæren kvir seg for å basere vidare satsing og ny-investeringar på leigd jord og lang, kostbar transport. I vekas fagartikkel kan du lese om dei to Time-bøndene, Christian Aasland og Ola Eikeland, som saman med Tinerådgjevarar og andre kollegar vil søke saman for å snu steinar og grastuver for å, om mogleg, finne byggeløysingar som ikkje kostar skjorta og meir enn kva gard og grunn kan tole med ein akseptabel margin.

Dei agronomiske utfordringane kjem gjerne opp når landbruket sine matauk-utfordringar blir sett under lupa. Deltakarane på dialogkonferansen peika på behovet for vedlikehaldsgrøfting og ny-grøfting.
Tunge maskinar og jordpakking er også ei utfordring som skapar hovudbry for alle som ønskjer optimale forhold og maksimal avling.

Matfylket Rogaland har mange føremonar. Som høveleg klima og lang vekstsesong. Kanskje likevel den sterkaste føremona er fagmiljøet, som framleis kan definerast som solid. Etter tiår med strukturendringar, er det ikkje vanskeleg å registrere at fagmiljøa er svekka. Det har, særleg i distrikta, blitt lengre avstand mellom gardsbruka. Meir arbeid og lang avstand til naboen er ikkje fagmiljøbyggande.

Omdømmebygging var eit av tema som skapte stort engasjement i Kviamarka. Skal landbruket nå målet om å auke matproduksjonen, må det til ei kvar tid vere attraktivt for unge bønder å ta over garden. Vi sluttar oss gjerne til dei som meiner at bondeyrket sin status må hevjast. – Både landbruket og matindustrien treng dei beste folka, vart det understreka på dialogkonferansen. Då må høve til ei god fagutdanning ligge i botn, og då må det satsast langt meir enn i dag på forsking og utvikling saman med bygging av sterke, framtidsretta kunnskapsmiljø.

Slikt kan det bli matauk av.

Sjur Håland