Å oppsummera 2022, sjølv når det berre står att nokre dagar av ‘det gamla’, synest nesten overilt. Krig, politiske, økonomiske og klimatiske endringar utfaldar seg ennå kvar einaste dag, verda over. Og det ser ikkje ut til stilna når me etter juletida skal attende til kvardagen. Snarare tvert om.

Når verda er så uroleg som no, kan me koma til å lura på kva meininga med det heile eigentleg er. Men kanskje er det, paradoksalt nok, når det virvlar på alle kantar, at svara kan koma tydelegare til syne.

Midt i den europeiske storkrigen viser ukrainarane oss veg. Dei minner oss om verdien av samhald, vilje, kløkt og mot. Om humanisme som kraft mot iskald makt. Det handlar om moderne våpensystem, militær strategi og taktikk. Men det handlar også om ei sterk kjensle av å høyra til ein stad, og til kvarandre. Det er av denne jordinga den veks, kulturen som gjer at det ukrainske samfunnet på imponerande vis taklar dagane under åtaka frå eit maktsjukt og omsynslaust Russland.

Bøndene sår og haustar mellom minene. Bakeria bakar natta gjennom. Naboar kokar for kvarandre. Jordmødre tek imot nytt liv i bomberomma. Og når kraftstasjonen ligg i ruinar, prøver elektrikarane så snart dei kan å føra fram att lys og varme.
Ukrainarane kallar seg bier. Når noko blir øydelagt i kuba, svermar dei til og reparerer det saman.

Prisen for å overleva som stat, folk og kultur er likevel høg. Sidan februar er fleire ti tusenar menneske drepne, tallause familiar knust og byar lagde i grus. Russlands krig gir inga meining. Derimot er det både meiningsfullt og påkravd å støtta ukrainarane i deira kamp for å overleva.

Korleis? Ved å gi dei all den politiske, militære og økonomiske støtta me kan, sjølvsagt. Det er ikkje berre for eigen fridom ukrainarane slåst, men også for demokratiet i Europa.

Som individ er det lett å kjenna avmakt andsynes krig og storpolitikk, men kvar og ein av oss kan faktisk visa solidaritet. Me gjer det ved å senda pengar, og ved å stilla opp for flyktningane i bygda.

Mindre opplagt kanskje, men like viktig, gjer me det ved å stå på, og stå opp for det me trur på. Levande, summande samfunn er meir motstandsdyktige enn dei der meiningsbrytinga og engasjementet har stilna.

Ukrainarane kjempar for fred og ei framtid dei sjølv rår over. Som bonde er kanskje ditt sterkaste uttrykk for solidaritet at også du bur deg på ei ny vårvinne.

God jul og godt nytt år!

Bothild Å. Nordsletten