image description

 

FORKORTINGAR OG USKJØNLEGE ORD provoserer oss. Vi bør skriva orda heilt ut slik at det ikkje bare er ekspertisen og dei spesielt innvigde som skjønar kva det blir snakka om. No har vi fått eit nytt uforståeleg ord; MRSA. Vi kunne mellom anna lesa om det i Bondevennen nr 37, der regiondirektør i Mattilsynet, Hallgeir Herikstad, gir ei inngåande utgreiing om MRSA og kva utfordringar dette kan gi for svinenæringa.

MRSA er ei forkorting for Meticillin­resistente Staphylococcus aureus, eller på norsk, gule stafylokokk bakteriar som er motstandsdyktige mot enkelte typar antibiotika. Resistente stafylokokkar er ein frykta sjukehusbakterie, mange har fått eit forlenga sjukehusopphald grunna denne bakterien. Også ved sjuke- og pleieheimar er dette ein bakterie dei i det lengste vil unngå, då det vanlegvis er personar med mindre motstandskraft som blir sjuke av denne bakterien.  Bakterien gir sjeldan infeksjon hos friske personar. – Kjøt og kjøtprodukt reknast ikkje som viktig årsak til smitte av bakterien frå dyr til menneske, skriv Hallgeir Herikstad

I FØLGJE VETERINÆR FLEMMING MELAND, utviklar ikkje MRSA sjukdom hos gris. Det alvorlege er at bakterien smittar frå menneske til gris og frå gris til menneske. Sidan bakterien normalt ikkje utviklar sjukdom hos gris, kan bakteriane vera til stades i ei svinebesetning utan at svineprodusenten er klar over det. No er det påvist MRSA på fem gardsbruk i Rogaland og fleire gardsbruk på Austlandet. Herikstad skriv at dette er ei stamme som lett blir spreidd i svinebesetningar og vidare til dei som arbeidar med dyra.

FUNN AV MRSA er ei sak som ikkje bare vedkjem svinenæringa. Det handlar om folkehelsa.
Folkehelseinstituttet, Svinenæringa, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Den Norske Veterinærforeningen  står samla bak ei målsetting om å halda førekomsten  av MRSA på eit lågast mogeleg nivå i Norge, uttalar Herikstad. Han syner til § 19 i Matlova som seier at alle har plikt til å hindre at det oppstår fare for at smittestoffer, som kan overføres fra dyr til mennesker, utvikles i et dyrehold, eller spres til andre dyrehold.

VI HAR EIN SITUASJON som næringa må ta alvorleg, seier Flemming Meland, og understrekar at utbrotet er enda ei påminning om å vera føre var mot smitte i dyrebesetningar. Smitteførebygging må vera ein ryggmergrefleks der fokus på god hygiene og full kontroll på drifta er grunnleggande. Bonden må ha full oversikt over transport av dyr inn og ut av garden og av personar ut og inn av husa. Han tilrår at røktaren nyttar munnbind for å hindre spreiing av MRSA og for å skjerme seg mot luftvegsplager.

NORGE ER I EIN UNIK SITUASJON med omsyn til god dyrehelse. Dette er konkurransefortrinn og gir eit omdøme som husdyrnæringa må ta vare på. Det er mange gode døme på at næringa, i samarbeid med veterinærmyndigheiter og Mattilsynet, langt på veg har utrydda sjukdomsutbrot som skuldast bakteriar og virus. Sanering av mykoplasma- / lungebetennelse hos gris er eit aktuelt døme.

FRÅ SAU HAR VI DØME frå utbrotet av skrapesjuke og no sist fotråte. Bondevennen kjører i haust og til våren, i samarbeid med sauenæringa, veterinærmyndigheitene og Fylkesmannen,  ein artikkelserie om smittebeskyttelse i sauebesetningar. Førebygging og kontroll med besetningskontakt er stikkord for smittebeskyttelse.

DEI INVOLVERTE PARTENE, inklusive svinenæringa, har sett seg eit klart mål om å halda MRSA på eit lågast muleg nivå. Her må ein ha to tankar i hovudet samtidig ved å tenka førebyggande tiltak  og lojal oppfølging av pålegg ved utbrot. Så er det bare å vona at tiltaka gir forventa verknad.