image description

Bøndene i Austeuropa er i ein skvissituasjon, både i dei landa som står innafor og utafor EU-fellesskapet. Noko skuldast utfordringar i samband med overgang frå planøkonomi til fri marknadsøkonomi. Det meste handlar om politikk og økonomi; marknadstilgang og marknadsmakt, manglande importvern og ein nasjonalstat, som korkje har råd til – eller vilje til, å setja ein aktiv landbrukspolitikk ut i livet.

 

Bondevennen har nyleg arrangert tur til Bosnia-Hercegovina, der vi fekk ei viss innsikt i arbeidet med landbruksbasert landsbygdutvikling. I dei prosjekta vi besøkte har samvirkemodellen blitt nytta som eit verktøy for utvikling. Modellen handlar om meir enn kjøp, foredling og sal. Kompetanseutvikling, sosial møteplass og praktisk demokratibygging stod sentralt. Bøndene har jordressursane, og ser ut til å kunne lukkast i å utvikla produksjonane om dei får tilgang på kapital. Tilfredsstillande betaling for produkta og tilgang til marknaden er den store utfordringa. Her har lokale samvirkeføretak lite å stilla opp med i møte med den internasjonale pengemakta.

 

Utan tollvern ligg den innanlandske marknaden open for dumpingeksport frå EU og andre land. Ein annan trugsel mot nasjonal matproduksjon er framveksten av multinasjonale matvarekjedar frå Tyskland og andre vesteuropeiske land som etablerer seg i dei større byane. Trenden er at dei sel matvarer frå heimlanda, og i liten grad tek inn varer som er produserte lokalt. Krav til standard og einsarta kvalitet blir brukt mot dei lokale bøndene. Slik blir marknaden i eige land sterkt avgrensa. Bøndene må finna andre salskanalar til ein lokalt, marginal marknad. I ein moderniseringsprosess, med stadig meir sal via moderne kjøpesentre, blir situasjonen for lokal matproduksjon vanskeleg. Land som Bosnia-Hercegovina står utan ein politisk verktøykasse for nasjonal matproduksjon.

 

Vi bør reflektere over grunnlaget for matproduksjonen her heime, i lys av dei vilkåra vi ser i austeuropa. Vi er minst like sårbare, sjølv om vi ligg på eit høgare teknologisk nivå. Med eit småskalalandbruk, samanlikna med dei store eksportlanda, og høgt løns- og kostnadsnivå, er det liten grunn til å tru at jordbruket overlever utan ein aktiv skjermingspolitikk.

 

Kva er våre suksessfaktorar?

 

Berebjelkane har vore importvern, ein aktiv landbrukspolitikk med tilstrekkeleg budsjettstøtte og eit sterkt samvirke i konstruktivt inngrep med styresmaktene. Alle verdiar som, i vår tid, er under sterkt nasjonalt og internasjonalt press, med overdriven tru på globalisering og marknadsliberalisering av landbruksvarer. Vi ser ein politikk som blir rulla ut gjennom internasjonale handelsavtalar og som trugar nasjonal mattryggleik.

 

Samstundes legg vi merke til ein motstraums politikk der forbrukarane føretrekker det trygge og det lokale. Enn så lenge er dette spede spirer som ikkje står seg mot den internasjonale pengemakta. Strategien framover blir ein tett og brei allianse med forbrukarane som stiller krav til politikarane om norsk produksjon. Åleine står bonden svakt.

 

Den som tek seg bryet med å sjå nærare på verdiskaping og dei andre positive ringverknadane av norsk landbruk, vil oppdage at vi har utruleg mykje å verne om.

 

Eirik Stople