image description
 
Sylvi Listhaug gjorde det igjen. Utnytta retorikk og gjentaking for å ta hevd på sanninga. Denne gongen var arenaen Bondetinget. Her var bodskapen klar; den som ikkje deler Mat og landbruksmisteren sitt syn, lever i ein vrangførestilling eller bygger på ei myte, som ho kalla det.
Listhaug har eit stort prosjekt. Jordbruket har vore på eit villspor, nå er ho i ferd med å leia det inn på den rette veg. Sanningsvitnet for den rette veg er at politikken verkar. Listhaug vel ut område der pila peikar oppover, til dømes inntektsutvikling, søknad til jordbrukskulane og auka investeringsvilje hjå bøndene.
– Mange prøver å skape myter om Regjeringa sin landbrukspolitikk ved å hevde at Regjeringa berre er oppteken av dei store bruka og at vi ønskjer å sentralisere husdyrproduksjonane, sa Listhaug.
 
Overfor Bondevennen kommenterer leiar i Agri Analyse, Christian Anton Smedshaug, det Listhaug kallar myter slik:
– Vi har i nyare tid ikkje sett større grep for å legge til rette for stordrift. Hevjing av mjølkekvota frå 450.000 liter til 900.000 liter, auke konsesjonsgrensa for kylling frå 140.000 til 280.000 og samstundes gjennomføre ei utflating av tilskotta er ei klar favorisering av stordrift. Konsekvensen av ein mogeleg reduksjon av kvoteregionar for mjølk går i same retning. Dette er grep som klart favoriserer dei store bruka og som er med på å sentralisere husdyrproduksjonane, meiner Smedshaug.
Forskaren påpeikar vidare at å hevde at alle piler peiker oppover i beste fall er ei delsanning. Smedshaug viser til at politikken fører til auka importavhengigheit, jamfør mangel på storfekjøt og råvarer til kraftfôrproduksjonen, nedgang i kornareal, fall i totalareal i drift, og stor usikkerheit om framtida for eit stort tal små og mellomstore bruk som er avhengige av kapitaltilgang for å fornye driftsapparatet. Mange av desse driv i dag areal som store bruk ikkje vil nytte.
 
På Bondetinget sa bondelagsleiar Lars Petter Bartnes at ei av Norges Bondelag sine fremste oppgåver framover vil vera å jobbe for å redusera og kompensera for effekten av strukturelle grep som Regjeringa innførte i 2014. Bondelagsleiaren var nøye med å understreka at ein avtale, ikkje betyr at ein går god for Regjeringa sin landbrukspolitikk.
Her går Bartnes høgt på banen. I årets krav frå faglaga såg vi nok mindre til reverseringspolitikk enn det programerklæringa frå Bondelagsleiaren gir uttrykk for. Det er likevel rett å ta med at handlingsrommet for reversering var lite, ein må i 2015 førehalde seg til det same stortingsfleirtalet som stilte seg bak strukturendringane i 2014.
 
Ja, vi ser at politikken til Regjeringa har gitt eit løft til volumproduksjonen. Etter ti-år med begrensingar og overproduksjon er det mange som nå både har økonomisk gevinst- og glede av å ha landbrukspolitikken i ryggen. Men kjære Mat- og landbruksminister. Ikkje kamufler dei negative konsekvensane for bærekraft, distrikt og mindre bruk som myter.

 

Eirik Stople