Verda, landet og kvardagen vår er snudd på hovudet i kampen mot koronaviruset. Frå den eine dagen til den andre vart rutinane våre og systema som me set vår lit til, kasta ut i uvissa. Ennå veit ingen korleis dette endar, men me veit at konsekvensane blir store.

Er det råd å gleda seg over krokus, viper og våronn når økonomien stupar og arbeidsløysa eksploderer? Når folk blir sjuke?

Ja, det er det. For trass i at «Noreg har gått ned», må landet gå vidare. Ungar må undervisast, sjuke må pleiast, industrien må halda hjula i gang og folk må ha mat. Våronna, som det kviler eit ennå større alvor over i år, ventar ikkje på nokon.

Av dei mange gode sidene ved samfunnet vårt som denne krisa underleg nok også openberrar, er ei raskt aukande erkjenning av kor livsviktig innsatsen til titusenvis av inntil no ganske upåakta arbeidstakarar er. Vaskedama. Folka i daglegvarebutikken. Sjukepleiarane. Sjåførane. Bonden. Desse som syter for at den eine trygge og velfødde kvardagen kan avløysa den andre i verdas beste land, utan at folk flest treng tenkje på korleis det går til.

No trer dei fram i all sin samfunnskritiske, og ofte underbetalte, funksjon. Og dei, i lag med mange andre grupper, vil vera uunnverlege for at me kjem oss gjennom krisa. Ikkje minst skal bonden rette ryggen, for med dette blir det vonleg fleire som takkar for maten og seier ja til auka sjølvforsyning og landbruk i heile landet.

I all uroa er det no fleire som freistar å forsikra oss om at verda omsider skal bli som den var. Det bør den ikkje bli. Når effekten av eit virus som drep éin prosent av dei smitta lammar verda, kor formidabel vil ikkje effekten av virus med ein dødsprosent på 70 vera (dei finst), eller av internasjonal konflikt eller avlingssvikt? Særleg bør dei sårbare punkta som krisa har avdekka i jordbruket og forsyningskjedene, få oss til å tenkja nytt:

  • I fjor importerte me 61 prosent av matkornet og 52 prosent av kraftfôrråvarene. Sjølvforsyninga vår ligg ein stad mellom 30-40 prosent. I 2017 konkluderte Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap med at internasjonale handelssystem gjer det mogleg å importere mat, uansett. Gjer dei verkeleg det?
  • Er det rett å leggja beslag på andre land sine jord- og vassressursar, eller burde me heller satsa meir på våre eigne?
  • Kornlager – god idé likevel?
  • NRK meldte nyleg om bonden på Løten som produserer 15 prosent av all norsk lauk, og som no manglar arbeidskraft for å få ut settelauken. Kan stadig færre bønder med større bruk sikra god beredskap?
  • Apropos arbeidskraft: Kor lurt er det å innretta matproduksjonen slik at me er avhengige av utanlandsk arbeidskraft?

Når tida omsider kjem for refleksjon og analyse, bør svara på desse og mange liknande spørsmål setta oss på ein heilt annan kurs enn dagens. Inntil dess, gled deg over vårblomane, hels vipa velkomen – god våronn!

Bothild Å. Nordsletten