Kjapt, trygt og billeg. Slagordet til Kiwi, som har egla på seg bøndene ved å kutta i alt låge matvareprisar under påskot av korona-dugnad, kan for så vidt nyttast som oppsummering av årets amputerte jordbruksoppgjer.

Utan tilstrekkelege grunnlagstal, utan verken krav eller tilbod, vart forhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane gjennomført i rekordfart. Som følgje kunne ikkje partane leggja fram korkje rame for oppgjeret eller anslag for inntektsvekst komande år.

På bordet ligg 350 millionar kroner meir i budsjettstøtte og dryge 300 millionar kroner i auka målprisar. Men ingen garantiar om ei faktisk inntektsauke. I ei koronaridd og usikker verd er garantiar vanskelege å gi.

Bøndene treng føreseielege rammer og stabilitet, men nettopp det kaotiske bakteppet er grunnen til at me forstår partane når dei rakt fram seier at 2020 ikkje var året for eit inntektsoppgjer. Jordbruket har villa syne solidaritet, takt og tone i eit omverd der tusenar missar jobb og inntekt.

Uvisse gjer også at me aksepterer det når både bondeleiarane og landbruksministeren vil skyva politisk nytenking fram til neste oppgjer.

Men dermed er det også forståeleg at forventingane til jordbruksoppgjeret 2021 alt er høge og aukande.

Grunnlagstala som Budsjettnemnda la fram før jordbruksoppgjeret viser at bonden si inntekt minka med 23.600 kroner per årsverk, 6,3 prosent, frå 2018 til 2019. Med ein «lønsslipp» på 353.400 kroner er inntekta attende på 2015-nivå. I den aukande skaren som no lovpriser landbruket, omtalar også regjeringa matproduksjon som ein samfunnskritisk funksjon. Jau, takk, men då bør inntektsutviklinga snarast råd reflektera den statusen. I tillegg til å svara på politiske målsettingar og i tillegg til løn for strevet, handlar det om rekruttering og dermed styrking av samfunnsberedskapen. Staten brukar 400 milliardar på krisepakkar til andre næringar og gir oljebransjen utsett skatt for 100 milliardar. Det er såleis ingenting umusikalsk med målsettinga om å tetta inntektsgapet mellom bøndene og andre inntektsgrupper.

I tillegg til aukande inntektsforventingar merkar me oss at årets oppgjer prioriterer grønt, potet og ikkje minst utmarksbeite. I tillegg skal det setjast ned eit utval som skal vurdere auka sjølvforsyning og meir norske fôrråvarer. Det trengst. På sida av oppgjeret har Tine alt ei målsetting om berre norsk fôr til kyrne. Bondelaget har internt føreslått å kutta ut soya for svin, ammeku og sau før 2025, og fleire parti har tatt til orde for høgare sjølvforsyningsprosent. Til saman vitnar alle desse initiativa om ei styrkt erkjenning av kor viktig det er å auka sjølvbergingsgraden. Det kan i sin tur koma bønder på mindre og mellomstore bruk til gode, og styrka argumenta for å endra Frp sine strukturgrep frå 2014.

Presset for eit djuptgripande inntektsog strukturoppgjer aukar. Tida fram til neste forhandlingsrunde må partane bruka til den politiske nytenkinga dei ikkje tillèt seg i år.

Bothild Å. Nordsletten