Nokon må ut
Bothild Å. Nordsletten
Sjå lammet. Skamma over å vera rogalending overgår nesten fortvilinga ved synet av den nyfødde, gravskitne og forkomne skapninga på veg ned i gjødsla.
Igjen.
For igjen har Mattilsynet vore på tilsynsrunde. Denne gongen til 74 gardar med småfe spreidde i 17 av Rogaland sine 23 kommunar i fjor haust. Stavanger Aftenblad og Nationen skriv om resultata.
På 58 av bruka fann tilsynet moglege lovbrot. Femten av bøndene fekk forbod mot å halda dyr. Seks vart melde til politiet.
Tala er ikkje så høge med tanke på at det i dei 17 kommunane er heile 2000 registrerte sauehald. Men det har lite å seia for søya og avkomet som svelt, ståande til buken i skit.
For igjen handlar avvika om grunnleggjande ting som «tilsyn og stell». «Kompetanse». «Oppstallingsforhold». At sjuke eller skadde dyr ikkje vert avliva. «Fôr og vatn».
Fôr og vatn. Tenk det.
Rett skal vera rett. Sjølv med ei rekke alarmerande avsløringar i sørvest – mishandling av husdyr er ikkje eit reint rogalandsfenomen. Fæle saker dukkar òg opp frå andre kantar av landet.
Og då er det på tide å slå fast det openberre: Norsk landbruk har eit A-, B- og C-lag. Somme bønder er berre ikkje eigna til å ta vare på dyr. Alle skal ikkje med.
God dyrevelferd er bonden sitt ansvar. Men også den siste runden til Mattilsynet gir grunn til å stilla spørsmål ved ansvaret til alle andre som kan ha vore innom dei aktuelle gardane; rådgjevaren, slaktebilsjåføren, veterinæren. Nærskylde og naboane.
For desse bruka var ikkje tilfeldig valde ut. Tilsynsrunden var «risikobasert». Den tok utgangspunktet i lister frå Statsforvaltaren over bønder som søkjer produksjonstilskot, men som så produserte få levande lam, få dyr til slakt og dyr med låg slaktevekt.
Mishandlinga skjedde altså ikkje over natta. Dyra har fått lide over tid. Fleire må ha visst om det, men venta med – eller vald å ikkje seia ifrå, korkje om bonden som kanskje slit, eller om seigpininga av dyra.
I så fall er det, igjen, tale om ei unnlatingssynd. Først og fremst overfor medvitne og sansande medskapningar i vår makt. Men også overfor alle dei bøndene som set si ære i høg dyrevelferd og som igjen og igjen må oppleva å bli trekte i tvil grunna handlingane til yrkesfellar som berre ikkje kan eller vil skjøna greia.
Atter ein gong må husdyrnæringa ut og lova bot og betring. «Mine dyr skal ha det bra» lova bønder i ein kampanje etter NRK-avsløringa om ille forhold i svinenæringa for nokre år sidan.
Det held ikkje.
«Mine dyr har det bra» er den einaste forsikringa som duger.
Og då må nokon ut.
DEI SISTE LEIARANE:
Gjødsel er makt
Biogass-selskapa som frir til bøndene på Jæren driv ein modig omgang med presens, tidsforma som viser at noko hender nå.
Planlegg nå
Ubuntu. Eg er fordi vi er. I kjernen av den sør-afrikanske leveregelen ligg nærvære, samhald, respekt og audmjuke. Først og fremst mellom menneske.
Tine-reklame til ettertanke
Ein ny Tine-reklame på tv gir sommar-hjernen noko å grubla på. Kanskje meir enn det som var intensjonen. Den 30 sekundar lange filmen påpeikar på éin og same gong samvirket sin samfunnskritiske funksjon – òg normaliserer det som i røynda er eit marginalisert norsk landbruk.