image description

På reportasjereiser er det greitt å lytte til radio. Denne dagen vart merksemda skjerpa. Underhaldningsprogrammet, Ni-timen, hadde sett opp landbruk som tema.
– Æ e ekstremt opptatt av landbruk, lydde ei røyst på klingande finnmarksdialekt. Uttalen kom frå NRK-journalist, Halvard Haldorsen. Bakteppet var eit nytt fjernsynskonsept, med arbeidstittelen, Norges superbonde, om mat, bønder og bondeliv, som startar opptak til våren, der nettopp Halvard Haldorsen blir prosjektleiar.

I ein samtale med Bondevennen utdjupar Haldorsen kva han legg  i ”ekstremt opptatt av landbruk”.
– Det skuldast litt større ting som begynner å nå inn. Miljøet, ei ny verkelegheit som tvingar seg fram – omsynet til korleis maten blir produsert. Som forbrukar ønskjer eg kvalitet, ansvarskjensle, god dyrevelferd, pluss, pluss.

– La meg ta eit døme. I sommar besøkte eg ein grønsakgard på Orre, i Klepp kommune på Jæren, der eg fekk sjå korleis salat og kinakål blir produsert. Som forbrukar og bymann har eg hatt ei kjensle av industriprodukt når eg møter den plastpakka salaten i butikken. Men møtet i butikken er siste trinnet av utruleg godt handverk. Ein må så, plante, luke, pusse av støvet – gjere eit godt handverk. Eg fekk ei enorm aha oppleving. Mitt forbrukarbilete stemte ikkje, det ligg ein enorm kunnskap og erfaring bak dei produkta som vi ser i butikken.

– Dette er noko eg vil synleggjere. Byfolka har ikkje kontakt med menneska som produserer maten – det blir ein distanse til produksjonen, den menneskelege dimensjonen er borte, anonymisert.
Tv-programmet, Norges superbonde, er ein konkurranse som skal handle om kunnskap, arbeid, yrkestoltheit… Det er ei stor gruppe der ute som arbeidar dag ut og dag inn. Eg vil syna handverket til bonden og breidda i produksjonane. Presentere interessante folk som brenn for yrket sitt og vera ein motiverande faktor for dei som skal begynne. Eg vil synleggjera kor viktig jobben er og kor avgjerande den er for vår eksistens. Bileta av landbruket som blir presentert i media bør handle om meir enn demonstrerande bønder.

– For 15 år sidan ville eit program om handverk vore uinteressant. Dei praktiske yrka har hatt for låg status. Trenden er i ferd med å snu. Sjå på interessa for TV-programmet, Anno. Sjølv vil eg synleggjera menneska som produserer maten anno 2016. Eg tenker at det å produsera mat er ein del av eit større heile, avsluttar NRK- journalisten.

OK, er det slik norske forbrukarar tenker. Interessant at folk utafor næringa ser verdiar ved landbruket som ein ikkje ser sjølv. Kvardagslivet har noko ved seg som er verdt å syne fram. Heil ved går ikkje av moten. Halvard Haldorsen vil nå målgrupper utafor jordbruket i eit omfang som landbrukspressa berre kan drøyme om. Vi ynskjer journalisten lukke til!

 

 

Eirik Stople