Hjørnesteinen Nortura er kringsett av utfordringar. Ei siste oppdatering på problema i slakterisamvirket fekk me då konsernsjef Arne Kristian Kolberg nyleg måtte gå grunna manglande resultat.

Driftsresultatet for andre kvartal er svekka med 132 millionar på eit år. Selskapet sparar og permitterer, men eigarane ser lite til innsparingane. Overproduksjonen kostar millionar. Overgangen til grossistdistribusjon har vore eit pengesluk og nytt IT-system trøblete. Produsentar og forbrukarar ergrar seg over mangel på Nortura-produkt i butikkhyllene medan kjøtforbruket generelt går ned og folks tillit til norsk mat er svekka. Stoda er alvorleg.

Problema i Nortura forsvinn ikkje med Kolberg, like lite som ein ny konsernsjef vil kunne svinga tryllestaven og endra kurs over natta. I førre utgåve av Bondevennen forsikra styreleiar Trine Hasvang Vaag lesarane om at samvirket har ein plan og er i gang med å gjennomføre ein strategi. Sal og inntekter skal opp, medan talet på tilsette skal ned, får me vita. Men det blir ingen revolusjon, påpeiker styreleiaren.

Med tanke på uføret Nortura finn seg i, spørs det om ikkje tida nettopp er inne for radikale tankar og handlekraft. Hasvang Vaag vil satsa meir på alternative salskanalar. Det er sikkert lurt. Kvifor ikkje også etablera ein bondeeigd daglegvarekjede? Slike idear er det opp til dei 19 000 bøndene som eig samvirket å diskutera, og å avgjera. Skal dei redda skuta si, må dei i alle fall koma sterkare på bana no.

– Du har aldri ein dårleg organisasjon utan dårlege eigarar. (…) Det er alltid grunn til å spørje om eigarutøving i sånne tilfelle som dette, sa landbruksøkonom Ivar Pettersen til Nationen etter Kolbergs sorti.

At eigarengasjementet har dabba av sidan konserndanninga i 2006 er ei kjensgjerning. Komplekse finansieringsmodellar og utskiljing av dotterselskap har truleg undergravd kjensla av kontroll, medan svevande konsernspråk kan framandgjera sjølv det mest ihuga samvirkemedlem.

Like fullt. Skal Nortura halda fram med å vera den viktige hjørnesteinen i distrikta, i landbruket og næringsmiddelindustrien, då må fleire eigarar gjera seg høyrde og vera med på å staka ut kursen framover.

Engasjement aleine kan ikkje redda Nortura, men utan endå meir aktive eigarar blir samvirket sin eigenart svekka og skuta dømd til å driva for vêr og vind.

Bothild Å. Nordsletten