At ihuga sauefolk også kan vera strinakkar, er noko mange veit. På Island er det til og med laga spelefilm om fenomenet. «Stabukkar», om to sauebonde-brør som ikkje har snakka med kvarandre på 40 år, men som tar opp att tråden først når dyra blir sjuke. Filmen vart ein internasjonal suksess, då den kom 2015.

Karakterfaste personlegdomar er truleg også eit element i den striden som nå rir Norsk Sau og Geit. Bondevennen skriv denne veka om ein lei konflikt som har utvikla seg i organisasjonen. Éit omdreiingspunkt er forholdet mellom NSG sentralt og Fuglestadbrogete og Blæselaget. I miksen ligg usemje om avlsmål, turbulente medlemsmøte og skuldingar om trakassering.

Nidkjære entusiastar er sjølvsagt ikkje heile forklaringa på at det har gått så langt at representantar frå både Fuglestadbrogete og Blæselaget, samt Steigarlaget, har sendt varsel mot personar sentralt i organisasjonen. At konflikten så tydeleg, og i over ti år, har kunna dreie seg om eit fåtal konkrete personar, peiker kanskje også mot maktstrukturelle og organisasjonskulturelle utfordringar i NSG.

Folk som brenn for saka er samstundes livsviktige for at organisasjonar som NSG og ikkje minst små raselag held koken. Og nettopp derfor er det så viktig at den pågåande konflikten blir løyst. Sauemiljøet har ikkje råd til langtrekte feidar. Som alle i det jordnære organisasjons- Noreg veit, er det vanskeleg nok å rekruttera tillitsvalde. Det blir neppe lettare om ein også vassar i vondt blod til knea.

Ikkje har dei små sauerasane tid til tobeint polarisering, heller. Trass i ei fin utvikling dei siste åra, er talet på avlssøyer med låst rasekode av Blæse-rasen på 3300, og rasen dermed kategorisert som «sårbar» av Norsk genressurssenter. Tilsvarande tal for Fuglestadbrogete er berre 880. Rasen er «Truet». Steigarsauen er også «Truet» med 646 avlssøyer.

Lagnaden til desse dyra avheng ikkje av at menneska som røktar dei går i flokk. Blant saueelskarar og fagfolk vil det – og bør det – alltid vera fri meiningsbryting. Men framtida til sauen ser unekteleg mørkare ut dersom organisasjonsfolk ikkje veit å oppføra seg mot kvarandre.

 NSG og raselaga gjer ein uvurderleg innsats på avl av sau og geit. Mykje tyder på at dei nå også må avla fram ein betre og meir berekraftig organisasjonskultur.

Bothild Å. Nordsletten