bv48_leiar

Det rår stor handelspolitisk uro i verda om dagen. Omfattande internasjonale frihandelsavtalar som TPP, TTIP, TISA og Mercosur går uvisse lagnader i møte. I årevis har antiglobalistane i Attac, venstreintellektuelle, våre eigne bondeorganisasjonar og andre åtvara mot følgjene av det marknadsliberalistiske hardkøyret som desse avtalane inneber. Så vart det likevel det kvite folkedjupet i USA som via stemmesetlane fekk dei mektige avtaleverka til å vakle. Det måtte ei superpopulistisk bølle av ein komande president til for å syna maktapparata rundt om på kloden at «ei annna verd er mogleg», slik Attac sitt tapre slagord let.

Donald Trump skuldar manglande lønsvekst i USA på landet sine frihandelsavtalar med andre land. Han ynskjer å erstatta fleire av dei, og flytter inn i Det kvite hus fordi millionar av framandgjorte amerikanarar trur på løftet hans om at nye bilaterale avtalar skal skapa fleire og betre arbeidsplassar. I kva grad Trumps medisin vil gjera Amerika great igjen, er ei anna sak.

Mange innser nok no at globaliseringa må peilast inn på ein heilt ny kurs. Den veksande økonomiske og sosiale ulikskapen og mangelen på bærekraft i dagens system er vanskeleg å leva med. I EU veks skepsisen mot avtalar som ikkje tek omsyn til europeiske bønder når slusene opnast for import. EU-kommisjonen la nyleg fram ein studie som tek for seg den samla verknaden for landbruket av 12 frihandelsavtalar som anten er under forhandling eller ferdigforhandla. Studien hevdar at frihandelsavtalane i 2025 kan påføra europeisk landbruk eit samla tap på mellom 20 og 27 milliardar kroner årleg grunna auka import utan tilsvarande auke i eksporten. Landbrukstungvektarar som Frankrike, Tyskland og Polen reagerte på funna og oppmoda Brussel om å tona ned ambisjonane for handelsavtalane sine. Irland understrekte det ulogiske ved å gi marknadstilgang for søramerikansk biff samstundes som landbruket freistar å kutta klimautslepp.

Den vidgjetne økonomien Thomas Piketty er inne på noko av det same når han held fram at handel igjen må blir det den aldri burde ha opphøyrt å vera: Eit middel som skal tena eit høgare mål. For kva er vitsen med ein laus internasjonal klimaavtale, dersom ein like etter vedtek ein forpliktande handelsavtale som ikkje tek omsyn til klimamåla? Piketty meiner ein må slutta å signera internasjonale avtalar som reduserer tollsatsar og andre handelshindringar utan å inkludera forpliktande reglar som bidreg i kampen mot skattedumping, og klimakrav. Han er ikkje aleine om å meine det.
Det er opp mot denne nye, dynamiske bakgrunnen me må sjå Noreg/EFTA sine pågåande forhandlingar med India, Indonesia og Malaysia, etterkvart også med dei søramerikanske matgigantane i Mercosur. Og det er i same setting me må analysera Noreg og EU sine forhandlingar om liberalisering av handel med landbruksvarer under artikkel 19 i EØSavtalen.

30 prosent av maten me et blir importert frå EU – og delen veks for kvart år. EU presser på for større marknadstilgang. Mykje står på spel. Det rimer dårleg med norske ambisjonar om auka matproduksjon, sysselsetting og mindre klimautslepp dersom styresmaktene viser seg for ettergivande. Etter dei siste artikkel 19-forhandlingane i førre veke, skal det framleis vera avstand mellom partane. Greitt, det. For den handelspolitiske uroa i verda burde mane til ekstra varsemd.
Og avtalar som blottstiller gapet mellom ord og handling bør ein uansett tenke lenge og vel over med å inngå.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten