Det luggar kanskje i den vestnorske motmaktstradisjonen, men det var ingen veg utanom. Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag kunne vanskeleg halda fram med å organisera bønder i to fylke som etter førre årsskifte ikkje lenger finst.

Med den digitale skipinga av eit samla Vestland Bondelag førre torsdag vart det sett punktum for over 70 års historie som separate lag. Drygt 80 lokallag med til saman over 7000 medlemmar får heretter ein ny «heim» med kontorplass både i Førde og Bergen.

Som for bondelaga i Agder, Vestfold og Telemark er også samanslåinga i vest ein konsekvens av den nasjonale, strukturrasjonaliserande regionreforma. Nyorganiseringa byr på både utfordringar og moglegheiter. Noko går kanskje tapt, men noko kan òg bli vunne. Det er ingen automatikk i at færre og større einingar gir meir kompetente fagmiljø eller større gjennomslagskraft, slik sentraliseringsforkjemparar har for vane å påstå. Når det er sagt, kan det fort gå godt, også for den vestlandske nyskapinga.

Rettare sagt, det må gå godt. For det er i kampen for kystbøndene, fruktdyrkarane og dei brattaste fjordgardane at lagnaden til det sjølveigande, familiebaserte og mest berekraftige jordbruket blir avgjort. Det er berre ved å overtyda styresmakter og marknad om at matproduksjon er liv laga også i det vêrharde og tungdrivne vest, at bygdelivet kan bløma. Og det er hjå bønder mellom bakkar og berg at ordningar som yrkesfellar også i meir lettdrivne område nyt godt av, finn sin legitimitet.

Det nye fylkeslaget har store oppgåver framfor seg. Ein viktig føresetnad for å lukkast er at leiinga dyrkar og lyttar til lokallaga. Særleg for nye og urøynde tillitsvalde er det viktig at vegen opp ikkje kjennest lengre enn før samanslåinga. Framandgjering i møte med profesjonaliserte toppar langt unna er døden for ein kvar grasrotorganisasjon.

Viktig er det også at sogningar, fjordingar og hordalendingar blir å kjenna igjen i samfunnsdebatten. I den jamne straumen av kommunikasjonsdrilla talspersonar, Bondelaget sine inkludert, har både leiar og nestleiar i det nye fylkeslaget i så måte utpeikt seg positivt. Om tema er aldri så fagtungt, evnar Anders Felde og Peder Nernæs å uttala seg så folk forstår, frilynt og med glimt i auge. Slik vekkjer engasjement. Og med engasjement følgjer vonleg ei større forståing for føresetnadane for jordbruk, både på Vestlandet og alle andre stader.

Bondevennen ønskjer det nye Vestland Bondelag lukke til!

Her kan du lese Bondevennen sitt intervju med dei nye fylkesleiarane.

Bothild Å. Nordsletten