Det ser lovande ut for frukt og grøntnæringa her til lands. Ikkje berre har frukttrea knytt seg godt i rekordvarmen siste tida, noko som gir von om rike avlingar til hausten. Næringa var også ein av vinnarane i årets jordbruksoppgjer, med heile 42.200 kroner i mogleg inntektsauke for ein bærprodusent med 52 mål, for å nemna eit døme frå eit referansebruk.

I tillegg til styresmaktene si satsingsvilje, tilseier helsetrendar og aukande klimamedvit at folk vil ha meir frukt og grønt – gjerne av norsk merke. Gartnerhallen hevdar det er grunnlag for å auke verdiskapinga i sektoren med heile 150 prosent fram mot 2030. Marknadspotensialet for hardangercider, bringebær frå Sogn og Fjordane, tomatar frå Rogaland, eple frå Telemark og poteter frå Agder er med andre ord stort.

Det ville vera eit nederlag dersom dette vekstpotensialet blir ete opp av ennå meir import. Skal medvinden som no bles over næringa bli noko meir enn eit blaff, treng produsentane føreseielege rammer.

Framover må det satsast ennå meir på innovasjon, utvikling og forsking for å optimalisera produksjonen til dei særprega klimatiske tilhøva langt her nord. Og der produsentane har høve til å forlenga sesongen både i forkant og etterkant, bør tollperioden utvidast for å lette marknadstilgangen deira. Betre marknadstilgang kan òg bli resultatet av ei lov om god handelsskikk, som Stortinget nyleg bad regjeringa legga fram forslag til. I dag bryt daglegvarekjedane leveranseavtalar og skvisar prisane på norske varer med hakket billegare import. Ikkje sjeldan rotnar «Nyt Norge» på lager. Slik kan det ikkje fortsette.

Klimaendringane er ei anna utfordring for så vel eplebønder som agurkprodusentar. Næringa har føreslått ei fondsordning med skattefritak for utjamning mellom gode og dårlege år. Dette, i tillegg til ei betre erstatningsordning for klimabetinga skader enn dagens, kunne gjera frukt og grøntprodusentane mindre økonomisk sårbare når vêrmønsteret endrar seg. Her bør regjeringa koma næringa i møte. I tillegg bør styresmaktene lytte til veksthusnæringa sitt ønskje om å få halda på fritaket frå CO2-avgift. Alle må bidra i klimakampen, men det finst langt større klimasyndarar enn matprodusentar utan reelle alternativ til naturgass til oppvarming.

Importen av tomat, agurk, eple og bær er i dag massiv. Dette er varer me sjølv produserer av høgste kvalitet og som er, eller vil kunne bli, tilgjengelege året rundt. Berre importen av blåbær, frå land som Peru og Marokko, har auka frå 270 tonn til nesten fem tusen tonn dei siste ti åra. Dette medan enorme mengder superbær står uplukka i vår eiga utmark.

I kva grad me står innfor ei skikkeleg satsing på eigne frukter, bær og grønsaker, avheng ikkje minst av etterspurnaden, og forbrukarane sin preferanse for norsk. Her bør offentlege innkjøparar og private næringsinteresser koma på banen i mykje større grad. Det er langt mellom norske eller lokale frukter og grønsaker i jobbkantinene, i hotella sin pausemat under konferansar, og i kontor- og skulefruktordningane. Å stille krav om norsk mat til eiga verksemd eller arrangement er ein god måte å sette standarden på. Det ville også sikre frukt- og grøntprodusentane solid oppdrift.

Bothild Å. Nordsletten