Trass svære korona-pakkar auka verdien av Oljefondet vårt med over 1000 milliardar det siste året. Ved nyttår var verdien av fondet på 10.914 milliardar kroner. Summane er knapt til å fatta, men eit er iallfall klart: Noreg er eit rikt, rikt land. Er det noko me vil, så kan me få det til.

Som å sikra eit skikkeleg oppgjer for ei lita yrkesgruppe som styresmaktene har forbode næringa til. Det må kjennast beiskt for ein pelsdyrbonde å sjå kontoutskrifta til Oljefondet, og samstundes ikkje vita kva tid erstatninga for eins eige tapte livsverk kjem, om den blir tilstrekkeleg, og om det finst pengar til omstilling.

For der er me i dag. Tre år etter at regjeringa i Jeløya-plattforma varsla avvikling av pelsdyrnæringa, lever fleire hundre bondefamiliar i uvisse om framtida. Høyringsrunden til nok eit kompensasjonsforslag er nett avslutta og til handsaming i Mat- og landbruksdepartementet. Bondevennen trykker denne veka fråsegna frå 13 bondelag på Jæren. Den vitnar tydeleg om at det er langt att før kompensasjonsordninga kan seiast å vera fleksibel, klår og raus nok til å imøtekoma pelsdyrbøndene sine krav.

For å gjera vondt verre har det nyleg kome for dagen at årets kasse med omstillingsmidlar hjå Innovasjon Norge er tom. Bønder som er tvungne til å skifta beite og som er klare for å gjera det no, må i verste fall setja framtid og økonomi på vent til kassa fyllest igjen til neste år.

Dette held ikkje. Bondevennen meiner regjeringa må ta til seg innspela til kompensasjonsordning frå bondelaga på Jæren. I tillegg må ein sikra tilstrekkelege omstillingsmidlar – jo før, jo heller, og seinast i revidert nasjonalbudsjett til våren.
Det må kjennast beiskt for ein pelsdyrbonde å vita at det eigentleg ikkje står på pengane, men, verre, på viljen til folkeskikk.

Bothild Å. Nordsletten