Bv42_leiar

Sett «økologisk» framfor «landbruk», og debatten eksploderer heile vegen frå fjøset, via akademia og hipsterkafeane til Dagsnytt18-studio. Fjøra fyk ennå etter at NRK-programmet «Folkeopplysningen» i september kasta eit kritisk blikk på økologisk matproduksjon. Kva er det med temaet konvensjonelt andsynes økologisk landbruk som vekker så sterke kjensler? Svaret ligg dels i spørsmålet. For debatten handlar i stor grad om – kjensler. Kjensler knytt til matvala våre, val som seier noko om kven me er – og vil vera. Den handlar om produsenten, marknadsaktøren og forbrukaren si uro, eller optimisme, innfor det nye og uvande. Kanskje rører debatten også opp i restar av stereotype oppfatningar som bønder på den eine sida og ei stadig større bybefolkning på den andre, ennå har av kvarandre. Debatten handlar også om akademikarar og ekspertar som freistar å strukturera debatten med vitskaplege, men akk, så fredlause fakta.

Kva er best, økologisk eller konvensjonelt landbruk? Sjølvsagt må målet vera å føra ein faktabasert diskusjon. Utan etterprøvbar og uhilda forsking som felles utgangspunkt blir me berre ved med å pepra kvarandre med kunstgjødsel og økogulrøter. Samstundes er det slik at vala forbrukaren tek i butikken, så vel som i livet elles, ikkje er styrt av fakta aleine. Mange nordmenn meiner, av ein eller annan grunn, at økologisk mat er sunnare. Kjensler utgjer ein vesentleg faktor i spelet om maten vår. Og kjenslefaktoren byr på monalege marknadsmoglegheiter, også for økologisk jordbruk.

Sjå berre på tala som Bondevennen har fått tilgang til frå Nortura: salet av økologisk biff og indrefilet auka med 20 prosent i fjor. Fram til no i år har salet auka med heile 80 prosent. Salet av økologisk kjøttdeig er opp med 20 prosent. Salet av økologiske egg er opp 10 prosent.
Tal frå andre kjelder stadfestar ein klar trend. Landbruksdirektoratet sin rapport om produksjon og omsetting av økologiske landbruksvarer for 1. halvår i år syner at auken i omsettinga gjennom dagligvarehandelen var på 22 prosent. Gartnerhallen rapporterer om 30 prosents auke i omsettinga av økologisk frukt og grønt.
Tine, Nortura og Gartnerhallen forventar at denne utviklinga heldt fram. Ettersom Rema1000, Coop, Kiwi, Meny og andre daglegvareaktørar utvidar øko-sortimentet, ser dei seg alle om etter fleire produsentar. Dei vil vera i front. Produksjon av økologisk mat kan by på vinst for dei som utnyttar moglegheitane, eller motsett, tap for dei som ikkje ser potensialet.

Det er interessant å merka seg at eit av dei viktigaste jordbruksfylka i landet ikkje er del av trenden. Berre ein liten del av Tine og Nortura sine øko-råvarer kjem frå Rogaland. I Rogaland er me gode til mykje, slo leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal fast i førre utgåve av Bondevennen. Men, la han til, – det er berre å innrømme at me ikkje er det beste fylke når det kjem til økologisk. Byrkjedal ynskjer at fleire i heimfylket skal produsera det forbrukarane etterspør. Nestleiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag Torbjørn Norland, kallar det eit paradoks at skrinne Røros er best på økologisk matproduksjon, medan grøderike Rogaland er dårlegast.

Å stå trygt i det konvensjonelle landbruket er ikkje einstydande med å vera imot økologisk – og omvendt. Byrkjedal kallar det økologiske landbruket ein spydspiss for det konvensjonelle, der det konvensjonelle dreg nytte av erfaringar og kunnskap frå det økologiske. Me treng begge delar, slår han fast.
For den eine driftsforma trugar vel ikkje den andre, slik ein kan få inntrykk av når debatten tek av. Norsk konvensjonelt landbruk nyt med rette stor tillit for å levera rein, trygg mat i verdsklasse. Folk vil ha det. Økologisk jordbruk, på si side, legg beslag på skarve fem prosent av jordbruksarealet vårt. Folk vil ha det. Dei to driftsformene kan utfylle og skjerpa kvarandre.
Uansett kor ein står i dette spørsmålet vil mange kunne einast om kor viktig det er å motarbeida auka import av varer som kan produserast i Noreg. Om berre biffen er norsk, så heilagar kanskje målet middelet – altså driftsforma?

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten