Bv05_leiar.jpg

 

Treng vi eit økologisk alternativ så lenge norske forbrukarar har stor tillit til varene som det norske landbruket leverer, sjølv om dei er såkalla konvensjonelle? Norsk landbruk er framleis eksklusive. Vi kan servere biff-tartar og rå egg til våre restaurantgjester utan frykt for negative konsekvensar. Maten vår er trygg.

Norsk senter for bygdeforsking har nyleg føreteke ei spørjeundersøking som syner at heile 91 prosent av dei spurte bøndene ikkje ein gong vurderer økologisk drift som eit alternativ.

Samstundes med at øko-skepsisen blant norske bønder blir synleggjort, står det politiske målet om at 15 prosent av landbruket vårt skal vere tufta på økologiske prinsipp innan 2020 framleis fast. For tida samsvarer målsetjinga mindre godt med teksten i den nye landbruksmeldinga som seier at øko-verkemiddelbruken må tilpassast behovet, for å hindre ubalanse mellom tilbod og etterspørsel.

Kanskje er det ikkje så rart at norske bønder er skeptiske. For i tillegg til økonomi og arbeidskapasitet er det etterspørselen i marknaden det tradisjonelt har handla om. Etterspørselen har nok ikkje auka slik mange hadde venta. I følgje seniorforskar i Norsk senter for bygdeforskning, Oddveig Storstad, har marknadsandelen for økologisk mat auka med berre 0,3 prosent sidan starten på 2000-talet. Det er ikkje eit spesielt imponerande tal.

Tine greier i dag å omsetje 40 prosent av økomjølka som blir levert gjennom økologiske mjølkeprodukt. Meieriet har ikkje behov for meir økologisk mjølk, men arbeider i følgje styreleiar Trond Reierstad, å kome opp mot 70 prosent utnytting.

Gardane her til lands er små og ligg spreidde langt mot nord og opp mot grensa for kor det i det heile er mogleg å drive landbruk. Norsk landbruk er ikkje i nærleiken av å bli identifisert med Europas industrilandbruk. Sør på Kontinentet har det synt seg å vere ein større marknad for økologiske alternativ i butikkhyllene. Danske bønder med slunkne bankkontoar står i kø hos Arla for å få henta ut høve til auka inntekt gjennom å levere økologisk mjølk, som blir foredla og omsett i tyske daglegvarebutikkar.

Slik er det altså ikkje hjå oss. Så kan det argumenterast med at manglande forbrukarinteresse ikkje er så farleg så lenge miljøgevinsten kan hentast ut på den einskilde økologisk drivne garden. I tillegg registrerer vi at det blir argumentert med at det økologiske landbruket har ei rolle som eit korrektiv og ein motreaksjon på eit stadig meir intensivt jordbruk.

Ja, det blir drive intensivt i nokre få deler av landet. Men det store biletet er annleis. Norske gardsbruk er små, med mange, spreidde og svært ofte leigde teigar. Kraftfôret må, saman med andre varer og tenester, kjøpast og fraktast over lange avstandar. Spørsmålet om miljøgevinst handlar om meir enn bruk av Fullgjødsel og glyfosat.
Vi vel å tru på både òg framføre anten eller. Norske bønder som har valt å drive økologisk er engasjerte og dyktige idealistar som fortener god løn for strevet. Det same gjeld for dei som driv konvensjonelt.

Styreleiaren i Tine, Trond Reierstad, uttrykte på Tine-dagen på Haugalandet nyleg, behovet for auka budsjettmidlar i komande jordbruksoppgjer. Får landbruket tilført dei midlane som trengs til å bremse strukturutviklinga og oppretthalde eit aktivt landbruk over heile landet, vil det også i framtida bli rom for dei som ønskjer å drive økologisk.

I høgkostnadslandet Norge er det politikarane som har kontofullmakt og siste ordet, anten ein driv etter økologiske eller konvensjonelle prinsipp.

 

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no