image description

– FOLK MED BETYDELEG lenger fartstid i bransjen enn meg, kan ikkje hugse at det nokon gong har vore slik avsetning av gris gjennom heile juli, skriv direktør for Totalmarked i Nortura, Jakob Simonhjell, på Nortura si heimeside. Resultatet av det gode salet er at Nortura er tom for heilt slakt på reguleringslager.

PRISLØYPA som blei sett i mai blir nå trinnvis korrigert opp, og frå 8. september kan svinebøndene endeleg, etter fleire års overproduksjon, ta ut målpris for svineslakt. I ein kommentar til Bondevennen, fortel Simonhjell at Nortura vil følgje oppsett prisløype med 80 øre over målpris i oktober, for så å redusere til målpris i desember. På spørsmål om kvifor trenden for svinekjøtt har snudd, analyserer Simonhjell at det gode salet har fleire årsaker. Ein uvanleg god grillsesong har drege i rett lei. Vidare meiner han at langsiktig arbeid med marknadsretta produktutvikling frå slakteri, foredling og handel har gitt eit løft for svinekjøtt.

MED TO ÅR utan auke i målpris, vil mange svineprodusentar framleis oppleve ein krevjande økonomi. Utgiftssida har ikkje stått stille i same periode. Det er likevel positivt for husdyrprodusentane at den moderate auken for korn i årets jordbruksoppgjer fullt ut blir kompensert med prisnedskrivingstilskot. Signal om fallande prisar på verdsmarknaden for både karbohydrat og proteinråvarer tilseier at det bør ligga an til at kraftfôrutgiftene ikkje stig utover den generelle prisutviklinga i samfunnet i komande år.

SER VI på kurva for økonomien i svineproduksjonen, framstår ho som ein berg- og dalbane. Ho fortel alt om at dette er ein produksjon som ikkje er avhengig av fôrressursane på garden og som difor lett kan byggast opp til overkapasitet i tider med god økonomi og optimisme. Vi kan ikkje forvente ei stabil kurve i framtida heller, men må likevel oppmode svinenæringa til å tilpassa produksjonen til dei prognosane som kjem frå marknadsregulator. Det er fort gjort å gløyme at sjølv ein liten ubalanse i marknaden kan slå svært negativt ut på økonomien til produsentane.

ETTER EI KRISE er det alltid lurt å evaluere årsak og kva ein kunne gjort annleis. Denne gongen var det ikkje bare auke i produksjonskapasitet, men og nedgang i etterspørsel, som førte til overproduksjonen. Det betyr at ein framover i endå sterkare grad må balansere oppbygging av ny produksjonskapasitet med marknadsutvikling. Ein del av produksjonsauken kjem av at svinenæringa kan syne til ein enorm effektivitetsutvikling. I løpet av 10 år har mengda svinekjøtt per mordyr auka med 31 prosent.
Stimulans til utvida produksjonskapasitet via offentleg finansiering er rett og viktig for å fremja norsk produksjon innafor det marknaden etterspør. Men det offentlege må også vere marknadsorienterte i si disponering av økonomiske verkemiddel. I ettertid kan vi gi landbruksministeren positiv tilbakemelding på at grepet om ikkje å gå til premiert nedslakting av purker ved inngangen til 2014 var rett. Utan det løftet som kom i marknaden i sommar kunne likevel konklusjonen blitt ein annan.

GIR DEN LYSNINGA i marknadssituasjonen som grisenæringa nå opplever, grunnlag for at Listhaug set i verk signala frå regjeringsplattforma om auka konsesjonsgrense for gris? Dobling av konsesjonsgrensa for kylling og framlegg til jordbruksavtalen om tredobling av mjølkekvotane viser at det finnes både vilje og evne i Regjeringa til å trumfe gjennom tiltak for stordrift og ytterlegare strukturendring.
Dyrevelferd, vidareføring av norske svin sin unike helsestatus og ikkje minst økonomien til dei om lag 2.500 svineprodusentane som er att i Norge, tilseier at å auka konsesjonsgrensa, er eit steg i feil retning.