image description

Det er økonomisk krise i mjølke- og svineproduksjonane i EU. Ubalanse i marknaden gir dumpingprisar.
–Vi er på ein annan planet, sa styreleiar Geir Heggheim, på Norsvin sin regionkonferanse for Sørvestlandet.
Etter ein studietur til Finland, kunne han fortelja om blodraude rekneskapstal for yrkesbrør med ein rasjonell produksjon, som årleg tek imot 18 milliardar kroner i støtte. Etter kvart som overgangsordningane med EU går ut, møter bøndene ein tøff kvardag. Situasjonen i våre andre naboland er like alvorleg. Svikt i eksport av jordbruksprodukt til Russland og Kina, har medført ein akutt situasjon, men avregulering generelt og oppheving av kvoteordninga for mjølk, er ein del av det store årsaksbildet.

Det store spørsmålet blir; korleis forvaltar vi handlingsrommet, eller rammevilkåra for norsk jordbruk? Alt kviler på eit effektivt importvern. Om vi stiller spørsmål ved korleis ein tek vare på importvernet, poppar det opp mange synspunkt.
– Fordi bøndene treng det, er neppe eit berande argument. Til sist er importvernet avhengig av at norske forbrukarar er villige til å betale ein meirpris for norskprodusert mat og at politikarane innrettar politikken etter signala frå folket.

Å forvalte handlingsrommet, betyr mellom anna å satse på kompetanse, ha kontroll på marknaden og å innrette seg etter forbrukartrendane. Vi legg merke til dei sterke kompetansemiljøa innafor avlsarbeid. Avl er ein vev som bind saman næringa og styrker kompetansen i alle ledd. Arbeidet gir konkurransekraft både med omsyn til effektivitetsframgang og helsestatus. Det er viktig å ha kontrollen over ”såkornet”. At norsk genetikk gjer seg gjeldande internasjonalt er ein indikator på eit avlsopplegg i verdstoppen.
Dessverre er ikkje norsk fjørfebransje i denne posisjonen, noko det er faglege grunnar for. Men ein er meir sårbar, og har ikkje på same måte høve til å utvikle det unikt norske. Prioritering av planteforedling og sortsprøving er ein del av det same bildet. Nederlendaren, Henk Maisen, ved NIBIO Særheim, åtvara nyleg mot å berre tenke volum når ein tek i bruk nye tomat- og agurksortar. –Utan norsk smakskvalitet som trumfar importen, er vi ute, sa forskaren.

Politikarane legg rammevilkåra, men det er næringa som må tilpasse produksjonen til marknaden for å ta ut prispotensialet. Tre prosent overproduksjon var nok til å øydelegge økonomien i svinenæringa over ein periode på tre år. Nå blør kyllingnæringa på grunn av ubalanse i marknaden. Marknadsordningane har vore ein suksess for jordbruket. Nå kan vi stå ved eit vegskilje, alt etter utfallet av stortinget si behandling.
– Vi treng ei marknadsordning, men støttar ikkje at samvirke er marknadsregulator, sa Bjørn-Ole Juul Hansen, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, på nemnde svinekonferanse.
Her må vi minne om at marknadsreguleringa er til for bøndene og at samvirke eg eigd av bøndene. Det handlar om eit verktøy for næringa.

Ja, vi er på ein annan planet enn EU-landbruket. Norsk landbruk må kvar dag gjera seg fortent til å ta vare på den statusen.

Eirik Stople