Dato for ny gjødselvareføreskrift er ennå i det blå, men uroa over kva konsekvensar den kan få ligg som ein skugge over husdyrnæringa på n’te året. Spekulasjonane fekk nyleg eit oppsving då Nibio kom med ei vurdering av kva ei eventuell innstramming av regelverket kan føra til.

Blant anna har Nibio sett på kor mange føretak som blir råka, og på kor mykje gjødsel som må handterast annleis ved ei innstramming av spreiearealet. Rapporten omtalar Rogaland som eit «særtilfelle ». Dersom det strengaste kravforslaget på 2,1 kg fosfor per dekar blir lagt til grunn, aukar fosforoverskotet i fylket med omtrent 1700 tonn, samanlikna med dagens krav. Konsekvensane av skjerpa reglar kan altså bli særleg tøffe for matfylket, og ikkje minst for husdyrtette Jæren.

891 føretak i Rogaland kan koma til å mangla spreieareal ved Landbruksdirektoratets føreslegne krav på tre kilo fosfor per dekar. Skulle Miljødirektoratets framlegg om maks 2,1 kg fosfor per dekar bli ein realitet, vil heile 1382 føretak brenna inne med gjødsel. Ifølgje Statsforvaltaren utgjer det mellom 22–34 prosent av bruka i fylket.

Kva skal så skje med gjødseloverskotet? Storskala biogass-satsing og reduksjon i husdyrtalet er dei mest aktuelle alternativa per dags dato, ifølgje Nibio. Men biogass er førebels ikkje lønsamt utan store, statlege tilskot. Ikkje løyser det fosforproblematikken, heller. Nibio meiner biogassløysinga vil kosta 13 milliardar kroner, og at bøndene får store kostnadar med leige av spreieareal, frakt av gjødsel – og mindre avlingar. Færre husdyr, på si side, rimar ikkje heilt med målsettinga om auka nasjonal matproduksjon. Kutt i produksjonen er også vanskeleg for bønder som har investert mykje kapital i drifta. Og medan nydyrking for meir spreieareal er mogleg fleire stader i landet, er det ikkje eit alternativ på Jæren. Her treng økosystemet kvar myr og flik av natur som er att.

 Det er ingen grunn til å underspela alvoret i saka. Til sjuande og sist handlar det om føresetnadane for eit livskraftig jordbruk og sjølvberging her til lands. Med stadig hardare konkurranse frå grensehandel og import, kan strengare gjødselreglar i verste fall bli kroken på døra for mange bønder. Iallfall om ikkje krava blir differensiert, slik at dei tilpassast garden sitt avlingspotensial.

Nye reglar kjem likevel truleg før eller sidan. Det er fleire ting du som bonde kan gjera for å vera betre budd: dokumenter avlingspotensialet og næringsbehovet ditt – her kan klimakalkulatoren bli eit godt verktøy. Planlegg gjødslinga enda betre. Invester eventuelt i større gjødsellager, om du kan. Vurder å skaffa deg ein gjødselseparator.

Det sagt, så er føreseielege rammer for drifta grunnleggjande for at dokumentasjon og investeringar skal gi meining. Her står gjødselregelverket heilt sentralt. Husdyrnæringa, ikkje minst dei bøndene som no tel på knappane om dei skal investera i nye driftsbygningar eller anna driftsapparat, fortener ei snarleg avklaring.

Bothild Å. Nordsletten