Budsjettnemnda for jordbruket la fram grunnlagstala for jordbruksoppgjeret rett før påske. Tala viser at bondeinntekta kan gå ned nesten 40 000 kroner i år, til 361 000 kroner per årsverk i vederlag for både arbeid og eigenkapital.

Parallelt stig prisane på alt bøndene treng til drifta, på straum, gjødsel, til kraftfôr. FKRA varslar at kraftfôrprisen kan stiga med 60 øre per kilo fram til august, nær 14 prosent, målt frå januar. Prisen på fleire typar gjødsel er to og ein halv gong dyrare no enn på same tid i fjor. Budsjettnemnda sine tal synest dermed utdaterte alt før oppgjeret er i gang for alvor. Legg til at fleire bønder fortvilar over måten nemnda reknar på – tala stemmer berre ikkje overeins med realitetane heime på garden – og utgangspunktet for tingingane framstår nokså kaotisk.

Rekka av bønder som vurderer å gi opp byrjar å bli lang. Me høyrer om bønder som har måtta slutta å betala avdrag på lånet. Som kjent finst også dei som har meldt inn heile besetninga til slakt, dei ser ingen anna utveg. Det er ei skummel utvikling, og den går raskt. Fråfallet blant dei med vilje og kompetanse til å produsera maten vår, blir ikkje mindre urovekkjande i lys av den globale matkrisa.

Situasjonen i norsk jordbruk er uverdig og uhaldbar. Ei raud-grøn regjering og eit bondeopprør har gitt bøndene høge og legitime forventingar til ein grundig snunad som set motet og framtidstrua i dei att. Kostnadskompensasjon er sjølvsagt ikkje nok, her trengst ei real inntektsauke. Tida for å innfri forventingane er no.

Bothild Å. Nordsletten