Bv07_leiar.jpg

 

Frå denne staden har det, med forankring i norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, blitt uttrykt skepsis til nyliberal kapitalisme. Kanskje vi skal ta oss tid til å sjå kva som kjenneteiknar det ein kallar nyliberal kapitalisme. For å analysera dette støttar vi oss til Geopolitisk atlas, 2012, laga av den franske avisa Le Monde diplomatique.

I 2007 høyrde vi om “rotne bustadlån” og finanskrise i USA. Finanskrisa spreidde seg fort til heile verdsøkonomien. I følgje Le Monde, må vi tilbake til det som skjedde på 1980-talet med omlegging til ein ny økonomisk orden, frå regulert kapitalisme til nyliberal kapitalisme, for å forstå den økonomiske krisa vi nå ser i Vesten. Etter ein samanhengande vekstperiode frå krigen og fram til 1974/75, byrja ein økonomisk nedgangsperiode. Den regulerte kapitalismen var ikkje lenger eit tilstrekkeleg reiskap til å halda profitten (lønsemda) oppe i bedriftene og ein la om til nyliberal kapitalisme.

Innføring av den nyliberalistiske modellen på 1980-talet førte, i følgje Le Monde, til fire samtidige endringar / skifte i verdsøkonomien:
Profittraten(lønsemda) til næringslivet og nasjonalstaten auka, ved at bedriftene igjen auka lønsemda ved å redusera lønsutgiftene. Etterspørselen blei sikra ved at folk tok opp lån til auka forbruk.
Finanssektoren si makt auka. Økonomien blei “finansinalisert”. Over heile verda skaut aksjeverdiane i været og ein fekk fri flyt av kapital som utvikla seg uavhengig av varehandelen. Det oppstod eit nytt ord; globalisering. Finansglobaliseringa skaut fart. Inntektsforskjellane blei større pga lønskutt og ein sterk vekst av finansinntekter.
Arbeidsproduktiviteten i Vesten stagnerte, etter å ha vore i konstant auke i alle ti-åra etter krigen. Dette var ein av hovudgrunnane til at den gamle regulerte kapitalismen kom i krise.
Globaliseringa slo tilbake (bumerangeffekt). Etter kvart som dei framveksande økonomiane, Kina, India, Brasil og Russland m.fl fekk større makt, blei verda snudd på hovudet. Desse landa fekk ein kraftig vekst og bli motorar i verdsøkonomien.

Den nyliberale kapitalismen sin ambisjon om auka lønsemd (profitt), trass i lågare produktivitet hadde nådd si grense i 2007, og sidan har Vestens finanskrise vore eit faktum. Slik sett er dagens krise ei krise for løysingane på den førre krisa. Vi må, seier Le Monde, finne ut korleis vi kan vende tilbake til ein avfinansialisert og betre regulert økonomi.

Nyliberalismen har meir merksemd på profitt (økonomisk avkasting), enn på samfunnsbehova. Det er difor betre ikkje å produsera, enn å produsera ulønsamt. Heller import, enn økonomisk støtte til produksjon av norsk mat? Samfunnsbehova er i mindre grad politisk definerte og kan bare bli innfridd i den grad dei innfrir finanssektoren sine krav til stadig større lønsemd. Løysinga på gapet mellom krav til auka lønsemd og dekking av samfunnsbehov er marknadsretting, dvs: Privatisering av offentlege tenester, kutt i offentlege utgifter, nedbygging av velferdsordningar og skattereformer.
Le Monde knyttar også matkrisa for verdas fattige, til nyliberalismen. Problema er ikkje naturgitte, men eit resultat av uhemma kommersialisering. Billig mat på verdsmarknaden har rasert store delar av det tradisjonelle landbruket i sør. Ei rad land er blitt mindre sjølvforsynte og har gjort seg avhengig av matimport. Mat er blitt ei handelsvare og dermed også gjenstand for spekulasjon.

Når menneskelege behov blir underlagt marknadens logikk fører dette i siste instans til ei ulmande legitimitetskrise, som blir synleg i form av ei demokratisk krise. Dette ser vi døme på i Hellas og Spania.
Vegen ut av Vesten si økonomiske krise ser ut til å vera lang, men det spørs om ikkje Le Monde er inne på noko når dei peikar på at økonomien må baserast på lågare krav til lønsemd og ein meir rettferdig fordeling av rikdom. Truleg vil ikkje den nyliberalistiske ideologien føre verda i den retninga.

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no