Vald mot verjelause grisar. Kastrering utan bedøving. Seigpining av sjuke og skadde dyr. Brennpunkt-dokumentaren på NRK opnar for store og alvorlege spørsmål om husdyrhaldet vårt. Korleis kom me hit? Er dei grufulle scenane i filmen avgrensa til svinenæringa, eller eit hint om liknande forhold i andre produksjonar?

Og viktigast av alt – korleis kjem me oss ut av dette, og vidare?

Filmen viste ei heilt uakseptabel side ved norsk svinenæring. Det vande handlaget som bøndene la for dagen i det dei mishandla dyra sine, vitnar om eit alvorleg haldningsproblem i delar av næringa. Korleis elles forklara at dette har kunna føregå over tid, om ikkje også veterinærar, rådgjevarar, slaktebilsjåførar og slakteri lukka augene og lèt vera å seia ifrå?

Tala på hastevedtak frå slaktegriskampanjen i Rogaland i 2017 og 2018 åleine stadfestar haldningsproblemet. Av 228 undersøkte besetningar fekk heile 97 hastevedtak for dårleg oppfølging av skadde og daude dyr. Det faktum at bøndene i filmen fann det i orden å vidareføre dårlege haldningar og praksis i det dei visste var ein opplæringssituasjon, er djupt urovekkjande. Dei kjende regelverket, men valde å bryta det. Ingen av bøndene såg ut til å finne glede i å handsama dyra sine slik dei gjorde. Men at dei openbert har lært seg å stenga av og tola brutaliteten, bør vera ein tankekross.

Til saman ropar desse avsløringane på ei grundig haldningsendring. Tiltaka som vart sett i verk etter slaktegriskampanjen gjev vonleg gode resultat. Jordbruket har ikkje råd til fleire skandalar som dette. Svinenæringa sitt brot på samfunnskontrakten er alt alvorleg nok. Brennpunkt-filmen er ei åtvaring til andre husdyrnæringar om å sikre at alt er på stell. Her nyttar det ikkje å kava seg opp over «ekstreme grupper» som vil alt husdyrhald til livs. Husdyrnæringa må vakta seg for ikkje å bli sin eigen verste fiende.

Det finst ingen orsakingar for overtrampa til bøndene i Brennpunkt-filmen. Men det finst forklaringar, både menneskelege og politiske. Dei viktigaste er rammene for dagens jordbrukspolitikk, og overdriven marknadsideologi. Det er vanskeleg å sjå korleis volumtenking, effektivitetsjag, prispress og oppmuntring til stordrift før eller seinare, ikkje går ut over både folk og dyr. For ein bonde med pressa økonomi, er det mogleg å forstå at han lèt vera å tilkalla veterinæren, når sluttoppgjeret for grisen knapt dekker kostnadane.

Presset på marginane blir heller ikkje lettare av at mengda importvare aukar takka vere internasjonale handelsavtalar.

Bondeorganisasjonane og slakteria går no langt i å legge ansvaret på den einskilde bonde. Dersom dei ikkje torer å diskutere dei opplagte systemfeila i dagens politikk, vil allverdas haldningskampanjar koma til kort – og bøndene halda fram med å ta støyten.