Vinteren – nokon vil kanskje kalla det regntida, har ikkje gitt seg, men stadig lengre dagar varslar atter om at våren er rundt hjørnet. Me gler oss til å skriva om vårvinna, om jordarbeid, såing, nytt liv og beiteslepp. Gjennom artiklar i bladet, og i den nye, fagspekka podcasten vår, skal me formidla kunnskap og råd slik at du kan planlegga for eit best mogleg resultat komande sesong. Verda verkar kanskje å ha gått av hengslene, men det stoggar korkje breiddfulle gjødselkummar, spirer, høgdrektige husdyr – eller Bondevennen.

Når det er sagt, er det ikkje tvil om at kostnadsbiletet og den politiske spaninga i næringa påverkar kvardagen i fjøset, så vel som det me snakkar og skriv om. Spaninga har ikkje minska etter at Bondelaget nyleg sa nei til Bonde- og Småbrukarlaget sitt ønske om å krevja tilleggsforhandlingar. Bondelaget legg i staden for egga i éi korg og satsar på at jordbruksoppgjeret vil sikra bøndene det dei krev og treng. Ingenting ville vore betre enn eit historisk godt oppgjer, men så høgt som Bondelaget no spelar, er risikoen stor for at mange blir skuffa.

Uansett utfall må bøndene gjera viktige prioriteringar og det beste ut av dei ressursane dei rår over. Ifølgje Bondelaget har nesten kvar tredje gardbrukar ennå ikkje kjøpt mineralgjødsla dei treng for sesongen. I tillegg er straumprisen høg og kraftfôrprisen aukande. Samla er ikkje dette berre ei utfordring for den nasjonale matproduksjonen. Det skjerpar også krava til bonden om optimal utnytting av innsatsfaktorane og areal. I år vil til dømes ein god gjødselplan vera, om mogleg, ennå viktigare enn elles.

Bondevennen har gledd seg til kvar vår i snart 125 år. I desse åra har jordbruket vore gjennom store opp- og nedturar. Me skal ikkje spå utfallet av den dramatiske våren næringa står overfor no, men me skal gjera vårt for at du kan planleggja for optimal drift. Dét, om ikkje mykje anna, endrar seg ikkje.

Bothild Å. Nordsletten