image description

 

Ekspertar på befolkningsutvikling er klare på at Norges befolkning vil vera i sterk vekst framover, og at veksten vil koma i byane. Trenden er ikkje ny. Det har vore ein jamn straum av folk frå bygd til by over generasjonar. Innanfor bygda går det også ein straum av folk, frå utkantane til bygdesentra. Byutvikling, eller manglande byutvikling, får politisk merksemd om dagen. Sjølv Norges Miljø-og biovitenskapelige universitet (Landbrukshøgskolen) etablerer nå forsking og utdanning innan fagområdet byutvikling. Byane blir mellom anna utfordra av mangel på utbyggingsareal og ein eksplosiv auke i bilismen. For vårt nærområde, Stavanger, etter temaet dagleg i media.
 
Merksemda på byutvikling kan setja bygda si samfunnsrolle i skuggen. Det er uheldig både for bygd og by. Bygda bør tvert imot løftast fram som ein del av løysinga, både som verdiskapar, buplass og rekreasjonsområde.
– Å definera kva som er ei bygd er umogeleg. Omgrepet er avhengig av kvar ein bur. For ein Oslo-borgar blir gjerne Asker og Bærum omtala som bygda. Bygd og by er motpolar som speglar kvarandre, som dag og natt, seier bygdeforskar Dag Jørund Lønning.
 
Lønning peikar på at bygda er kjenneteikna med det store bygderommet som er ein veldig ressurs. I dette rommet føregår det matproduksjon, og meir enn det. Bygda har dei store areala og naturressursane, vasskraft, vindkraft, skog og utmark, fiske og rekreasjon. Ressursar som har vore grunnlag for hjørnesteinsbedrifter og eksportinntekter. Historisk har også fiskeriressursane vore uløyseleg knytta til bygdene og kystfolket.
 
Med trendomgrepet, det grøne skiftet, blir det igjen peika på at desse fornybare naturressursane er nøkkelen til ei berekraftig framtid. I dei bynære områda har bygda ei rolle som opplevingslandskap. Byfolk vil ha meir enn berre produksjon. Kva økonomisk potensiale ligg det til dømes i at Jæren årleg får besøk av 600.000 byfolk, på jakt etter landskaps-, kultur- og matopplevingar. Går det an å tenke ein vinn-vinn situasjon for byfolk og bygdefolk?
 
Vi må ikkje gløyme at den største ressursen i bygdene er folket som bur der. Landbruket har framleis ei nøkkelrolle for busetting, sjølv om langt færre er sysselsette i modernæringa. Det er landbruket som gir bygderommet eit ansikt, og som er kulturberaren.
– Det ligg ein enorm energi i fellesskapet, å ha eigarforhold til- og å utvikle ting saman, seier Lønning.
Frå Sverige ser vi at heile bygdesamfunn rakna i etterkant av ei storstilt sentralisering av landbruket.
Det er rett at vi treng ein landbrukspolitikk med mål om auka matproduksjon. Men vi må i tillegg ha med den breie bydepolitikken, om det i framtida skal vera liv i bygdene og landbruk over heile landet.
 
Kven skal i framtida forvalte naturgrunnlag og økonomisk avkasting av ressursane i bygderommet?
Det ikkje eit enten eller, men eit både og. Bygdene treng både kapital og kompetanse utanfrå for kommersiell utnytting av naturgrunnlaget. Kven som skal eige og styre handlar om politikk. Vi treng ein aktiv politikk for Bygde-Norge, på bygda sine premissar.
At bygdutvikling er viktig for bygdefolk er sjølvsagt, men bygderommet sin samfunnsverdi for byfolk og for grøn verdiskaping er underkommunisert.

 

 

Eirik Stople