Tollgrepet som blei gjort i fjor, har auka muligheita for prisauke på viktige jordbruksprodukt. I denne utgåva av Bondevennen presenterer Odd Magne Nordmark ei konsekvensutrekning av jordbruksavtalen for inntektsutviklinga i produksjonar med mjølk, sau og storfekjøtt. Tala syner at desse produksjonane får ein fin inntektsauke, mellom anna ved at det er rom for å auka produktprisane. For produksjonane mjølk / kjøtt og ammekyr ser vi at det nye kvalitetstillegget for storfekjøtt utgjer ein vesentleg del av inntektsauken.

Distrikts- og struktur­profilen er tilnærma usynleg i årets jordbruksavtale. Dette blir forsterka av at ein relativ stor del av inntektsauken kjem på pris. Det kan vera fleire grunnar for ei slik prioritering. Landbruksministeren si merksemd på meir mat, ligg truleg i botn for denne avtaleprofilen, det gjeld å prioritera volum. Faglaga er vel vitande om at det allereie ligg inne vesentlege distrikts- og strukturprioriteringar i jordbruksavtalen, som ikkje blir oppheva av årets avtale. For å få ein auke i storfekjøttproduksjonen må det, etter vår målestokk, vera lønsamt å produsera store volum. Og det er ei kjent sak at dei økonomiske marginane ved utbygging til mjølkeproduksjonen tvingar bonden over på større volum. Desse bruka får no eit lenge etterlengta inntektsløft.

Samstundes er det gjeldande politikk å ta vare på små og mellomstore bruk over heile landet. Årets avtale gav også eit lite løft for desse, men dei blei i liten grad forfordelte. Vi må heile tida ha dei viktige vurderingane om struktur og geografi på dagsorden og vera ærlege på at dette er eit dilemma som næringa må ta på alvor og koma i rette med. Om ord som sjølvforsyning skal vera truverdig, må vi innretta oss slik at ressursgrunnlaget over heile landet blir halde i hevd og teke vare på.

Vi bør ta inn over oss at rammevilkåra for inntektsutvikling i landbruket er styrt av nasjonal og internasjonal politikk. Resultatet av tollsaken blei synleggjort i kroner og øre i årets jordbruksavtale. Vi representerer ei næring som strevar for å overleva i kampen mot liberalistiske vindar og einsidig marknadstenking. – Det er vi som må påverka, ikkje kapitalkreftene, sa Jan Davidsen i LO på årsmøtet i Bondelaget, og heldt fram;- det har aldri vore større behov for at vi skal klara å påverka.

Den norske jordbruks­-
mod­ellen med jordbruksforhandlingar, marknadsregulering og sterkt tollvern er avgjerande for å vidareføra norsk jordbruk slik vi kjenner det. I det politiske landskapet erfarer vi at alle vil ha eit norsk landbruk, men alle stiller seg ikkje bak dei nødvendige verkemidla.

Det kan bli ei utfordring etter valet.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no