Med Senterpartiets Geir Pollestad får landet ein statsråd med solid landbrukspolitisk kunnskap – og erfaring. Slikt kan ein ikkje ta for gitt.

Utnemninga 4. august skapar dermed høge forventingar til at jærbuen nyttar perioden på post godt. For tida byrjar å bli knapp for å realisera den heilt nye jordbrukspolitiske kursen som den raudgrøne regjeringa lova. Dei to åra fram til neste stortingsval går fort og opposisjonen står sterkt.

På bordet til den ferske statsråden ligg ein stabel tunge saker med store konsekvensar for bøndene: Opptrappingsplan for både inntekt og sjølvforsyning. Fugleinfluensa. Uro på den globale matmarknaden. Bønder som legg ned. Klima. Dyrevelferd. Jordvern. Kosthaldsråd. Matmakt. Og gjødselvareforskrifta, kva skjer med den?

Gitt Pollestad sitt sterke engasjement for pelsdyrnæringa, er forventingane ekstra høge til at han avsluttar den vonde føljetongen som erstatningssaka har blitt. Bondevennen deler forventingane om ei snarleg og monaleg erstatningsutbetaling til dei som fekk næringa si lyst i bann. Me forventar også at ordninga tar omsyn til rentekostnadane og prisstiginga dei siste åra. I så måte er det gledeleg at den ferske statsråden alt har lova å ta tak i saka frå og med dag éin.

Pollestad si vakt fell saman med ein periode med høg nedleggingstakt og aukande internt spenningsnivå i norsk landbruk. Konfliktpotensialet i klima-, miljø- og kosthaldsdebatten, ligg òg latent. I tillegg til å løysa dag-til-dag-oppgåver håpar me landbruksministeren fyller det uthola slagordet «Landbruk i heile landet» med konkret innhald og politikk. Me oppmodar han òg til å byggja bruer og å styrka dialogen internt i næringa, så vel som andsynes interessegrupper i samfunnet.

Presset blir stort på Geir Pollestad og partiet hans framover på oppløpssida, men jærbuen har gode føresetnadar for å lukkast.

Mykje avheng også av at han gjer nettopp det. Bondevennen ønskjer den nye landbruks- og matministeren lukke til.

Bothild Å. Nordsletten