bv31_leiar
 
– Eg er ein positiv realist realist, seier bonde, Torgeir Aartun, frå Sjernarøyane i Finnøy kommune.
Aartun bur i utkanten av ein utkant. Spørsmålsstillinga er krav om lausdrift i 2024, med bygging av nytt lausdriftsfjøs eller avvikling av mjølkeproduksjonen.
Familien Aartun sitt utgangspunkt er ein mjølkekvote på 200.000 liter mjølk og eit båsfjøs frå 1957, som er bygd ut i alle retningar. Eit solid mjølkeproduksjonsbruk, etter norske forhold.
– Eg ønskjer å gjere noko, men prosjektet må både ver praktisk gjennomførbart, og driftsøkonomisk sunt og levedyktig, seier Aartun.
Du kan lesa meir om familien Aartun i gardsreportasjen. Torgeir Aartun er ikkje åleine om problemstillinga. Talmateriale frå Tine, viser at om lag 70 prosent av mjølkeprodusentane i Norge, i løpet av ni år, må ta ei avgjerd om framtida for eigen mjølkeproduksjon, dersom kravet om lausdrift frå 2024 blir ståande.
 
I dag blir 50 prosent av mjølka i Norge, som i Rogaland, produsert i lausdriftsfjøs. Men framleis er 70 prosent av fjøsa i Norge båsfjøs. Talmaterialet frå Tine viser denne fordelinga mellom båsfjøs og lausdriftsfjøs:

31Leiar_tabell

 
Tek vi Rogaland som eit døme, er gjennomsnittskvota 368.000 liter i lausdriftsfjøsa og 147.000 liter i båsfjøsa. Med ein tenkt gjennomsnittskvote for nye lausdriftsfjøs på 337.000 liter i distrikta og 487.000 på Jæren, og same kvotefordeling som nå, er det behov for 180 nye fjøs i distriktsregionane i Rogaland og 130 nye fjøs på Jæren. Tine har estimert kostnadene i spennet frå 1,5 til 2,6 milliardar kroner. Det er snakk om 16.400 båsplassar som må over på lausdrift. Med dette utgangspunktet blir hentepunkta i Rogaland redusert frå 1.377 til 687, ein reduksjon på 50 prosent. Kvotekjøp/-leige, jordleige og lausdriftsfjøs med mjølkerobot har ført til ein stille revolusjon i mjølkeproduksjonen.
Nå ser vi at også kravet til dyrevelferd blir ein kraftig endringsdrivar. Svine- og eggprodusentane har vore gjennom det same. Nye krav til dyrevelferd, nye i-mek. løysingar og utvida konsesjonsgrenser har gitt kraftige strukturendringar og tal produsentar har stupt.
 
Politisk korrekte slagord, som landbruk over heile landet basert på norske ressursar og at mjølkeproduksjonen er berebjelken i landbruket, blir kraftig utfordra av den dagsaktuelle situasjonen i landbruket. Når politikk og teknologi dreg i same retning skjer endringane fort. Talmaterialet overfor syner at mjølkeproduksjonen er halvvegs i omlegginga til lausdrift. Det har gitt eit solid erfaringsmateriale om kva som er dei beste løysingane, under norske forhold.
 
Rådgjevar i Tine Torfinn Nærland, fortel at dei som vil bygge er oppteken av heilskapen. Fjøset bør tilpassast ressursgrunnlaget, grovfôr og spreieareal i nærmiljøet, familie og arbeidssituasjon blir trekt inn og ikkje minst; kva er eit forsvarleg gjeldsnivå og kva blir botnlinja. Skal ein tenke familiejordbruk eller blir framtidsbonden arbeidsgjevar med fulltids utanlandsk arbeidskraft. I dag har Norge ein historisk høg mjølkepris samanlikna med EU og ei historisk låg rente. Kva med framtidige rammevilkår?
 
Mjølkeprodusentane på Sjernarøyane er i nølefasen. Er det ein ønskedraum at det framleis er ljos i dei 15 fjøsa med mjølkeproduksjon på øyane om 10 år? Kompetanse og trivsel utviklar seg best i eit godt fagmiljø.
Med framskriving av dagens trend, forstår vi tilnærminga frå ein positiv realist.
 

Eirik Stople