image description

Negative utspel framkallar negative reaksjonar. Landbruksdebatten er inne i ein negativ spiral om dagen. Gi oss noko å tru på Mat- og landbruksminister. I lengda orkar vi ikkje å tru på noko vi ikkje trur på. Vi kan ikkje feste lit til Regjeringa sine mål i landbrukspolitikken, når realpolitikken går i ein annan retning.
– Vi meiner at å reversere tollgrepet for ost, lam- og storfekjøtt, saman med kutt i budsjettstøtta, vil svekke den økonomiske utviklinga for dei grovfôrbaserte produksjonane, både for dei med små og store produksjonsvolum.
– Vi meiner at oppmjuking av konsesjonsgrensene, utan å ta omsyn til marknadssituasjonen, vil forsterke struktur-rasjonaliseringa og svekke mulegheitene for god lønsemd i dei kraftfôrbaserte produksjonane. Avreguleringa ser likevel ikkje ut til å gjelde for politisk detaljstyring når marknadsregulator foreslår grep for å tilpasse svineproduksjonen til etterspurnaden i marknaden.

– Vi meiner at å balansere jordvernet mot storsamfunnet sitt behov, og legga meir myndighet til kommunane, er å svekka jordvernet. Siste dagars avgjersler er med og underbygger dette.

– Vi meiner at eit tydelegare skilje mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk vil svekke målsettinga om aktivt jordbruk over heile landet.
Så langt har vi sett ein landbruksminister på autopilot med unyanserte, programerte programerklæringar, bygd på liberalistisk FrP-ideologi. Ordet dialog, blir meir brukt som propaganda, enn som gjensidig, likeverdig samtale.
Difor er det positivt at Venstre no set ned foten og ber departementet om ei konsekvensutgreiing av å gå tilbake på tollsaka, ei utgreiing dei også bør invitere faglaga og næringsmiddelindustrien til. Då kan ein i det minste gå inn i ein kunnskapsbasert dialog, der ein er medviten om konsekvensane av det vedtaket ein gjer.
Norsk landbrukspolitikk er eit stort byggverk. Som alle konstruksjonar har også landbrukspolitikken nokre bæresøyler. Rokkar ein ved dei, kan fort heile byggverket kollapse. Det er livsfarleg å sleppe til ufaglært arbeidskraft.
Nyleg inviterte bondelaga i Agder-fylka stortingspolitikarar frå “Agder-benken” til dialogkonferanse på Evje. Stort frammøte og flott arrangement. Vi merka oss positive signal frå alle partia som var representerte, og ikkje minst frå Høgre, representert ved Ingunn Foss. – Høgre vil landbruket vel, og vi må ha ein politikk som bygger opp under dei som har investert og som skal føre jordbruket vidare, sa Foss. Vi forventar at dette er ein politikk som partiet Høgre stiller seg bak, og som forpliktar når konkret politikk og virkemiddel, les Jordbruksavtalen, skal formast ut. Unge bønder som satsar pengar og framtid på jordbruket, kalkulerer med at utsegna til Foss er til å stole på.
Den raudgrønne regjeringa blei kritisert for å mangle dei store prosjekta. Å drive på det jamne blei for grått for folk flest. Skal Regjeringa snu den negative spiralen som landbrukspolitikken no er inne i, treng vi politikarar som teiknar eit truverdig og positivt framtidsbilete av landbruket, og som gjer det til sitt prosjekt.

 

Eirik Stople